KI-bølga

Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å endra måten me jobbar på, også i energibransjen. Nye system og løysingar basert på KI kan bidra til betre sikkerheit og effektivitet. Men dei kjem også med risiko.

Risikofaktorane ved KI er noko me i Havindustritilsynet (Havtil) er opptekne
av, og som me understrekar gjennom Hovudtemaet vårt for 2025.

Me har også snakka med teknologar, bedriftsleiarar, arbeidstakarar og forskarar i og utanfor bransjen om KI. Med dette set me lys på både risiko og moglegheiter, oppsider og nedsider – og får fram viktige meiningar om kva me må vera merksame på no som KI-bølga skyl inn over oss.

Les sakene:

Landandlegg

Etter at du har lese deg opp på KI, kan du bla vidare til eit litt meir jordnært
tema, nemleg landanlegg. Dei sju anlegga i petroleumsverksemda varierer i alder, storleik, utforming og funksjon, men dei er heilt sentrale for handsaming og eksport av olje og gass frå norsk sokkel.

Gjennom fakta, artiklar, intervju og reportasjar forklarer me oppgåvene, funksjonane og nokre av utfordringane til landanlegga.

Dessutan informerer me om Havtil sine krav til styring av verksemda på land, og om arbeidet for å redusera risiko.

Ønsker du å motta Dialog i trykt versjon? Send ein e-post til dialog@havtil.no og oppgi kor mange eksemplar du ønsker. Tidsskriftet finst også i engelsk utgåve.