Veit du kva dokument du vil søka innsyn i, kan du senda ein e-post direkte til postboks@havtil.no.
eInnsyn
Via eInnsyn kan du søka etter og bestilla innsyn i dokument frå alle statlege verksemder. Bestillingar til oss vert behandla som innsynskrav.
Unntak frå innsyn
Unntak frå innsyn skal ifølgje offentleglova § 3 ha heimel i eller medhald av lov.
Offentleglova § 13 til § 26 gir ein del sentrale unntaksheimlar. Opplysningar som er underlagt teieplikt skal unntakas innsyn. Andre opplysningar og dokument kan i visse tilfelle unntakas.
Betaling for innsyn
Hovudregelen er at innsyn etter offentleglova er gratis, men med heimel i offentleglova § 8, er det ved forskrift fastsett rett til i nokre tilfelle til å likevel krevje betaling for innsyn.
Vi tek ofte i mot omfattande førespurnader om innsyn, noko som er svært ressurskrevjande for organisasjonen. Vi krev derfor betaling når dokumenta er som nemnde i § 4 i Offentlegforskrifta med omsyn til omfang eller art.