1. januar 2024 skifta Petroleumstilsynet namn. No heiter vi Havindustritilsynet (Havtil).
Som det gamle namnet peika på, omfattar tilsynsansvaret vårt petroleumsverksemda på heile den norske kontinentalsokkelen, i tillegg til sju petroleumsanlegg på land og tilhøyrande røyrleidningssystem.
Vi har også myndigheitsansvar for fornybar energiproduksjon til havs, CO₂-transport og -lagring og mineralverksemd på havbotnen. I 2023 fikk vi i tillegg tilsynsansvar etter sikkerhetslova.
Havtil er underlagt Energidepartementet (regjeringen.no)
Delegert myndigheit
Havtil har ansvar for å setje rammer for verksemda og følgje opp at den går føre seg på ein forsvarleg måte. I praksis betyr det at vi utviklar HMS-regelverket og fører tilsyn med at selskapa følgjer dette.
Havtil er delegert myndigheit til å
- fastsette utdjupande forskrifter for sikkerheit og arbeidsmiljø i verksemda
- fatta enkeltvedtak i form av samtykker, pålegg, tvangsmulkt, stans av verksemd, forbod, unntak med meir.
Direktorat
Havtil er også eit direktorat som utviklar, forvaltar og formidlar kunnskap om vårt saksområde. Direktoratrolla medfører å gje råd til overordna departement. Vi er også eit kompetanseorgan overfor sektoren, andre myndigheiter og samfunnet elles.
Resultat og effekt
Kva effekt har innsatsen vår?
Dette kan du lese meir om i årsrapportane våre
Myndigheitsansvar
Ansvaret omfattar operatørselskap, rettshavarar, entreprenørar og reiarar, og famnar om alle fasar av verksemda – frå leiteboring, utbygging og drift fram til stenging og fjerning.
Vi følgjer opp verksemdene si styring av arbeidsmiljøforhold.
Vi tek óg omsyn til ytre miljø inn som ein naturlig del av arbeidet vårt med sikkerheit og arbeidsmiljø. Les meir om korleis sikkerheit førebygger forureining.
Havtil har sidan 2013 også ført tilsyn med Petroleumslovens § 9-3, som omhandlar hindring av bevisste anslag.
Fagkunnskap
Havtil forvaltar store mengder kunnskap - både i kraft av kompetansen til fagfolka våre og gjennom kunnskapen vi får gjennom tilsyn.
Å formidla denne kunnskapen til partane i petroleumsverksemda, er eit viktig bidrag til å oppretthalda og vidareutvikla eit høgt nivå for sikkerheit og arbeidsmiljø.
Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) er eit sentralt verktøy i kunnskapsformidlinga. RNNP-kartleggjinga bidrar til å skape eit objektivt og heilheitleg risikobilde for næringa. Ei felles risikoforståing i industrien, hos myndigheitene og hos arbeidstakarane skapar godt grunnlag for målretta og konstruktivt arbeid for å oppnå forbetringar.
Andre bidrag til kunnskapsformidlinga er faglege møter som Ptil arrangerer, i tillegg til erfaringsdelinga som skjer gjennom publisering av granskingsrapportar, tilsynsrapportar og liknande.
«Vaktbikkje og førarhund»
Kort oppsummert kan ein seia at Havtil både er vaktbikkje og førarhund for næringa.
Som vaktbikkje fører Havtil tilsyn med at selskapa til ei kvar tid driv forsvarleg, og vi brukar våre verkemiddel dersom dei ikkje gjer det.
Rolla som førarhund er knytt til den kontinuerlege dialogen vi har med selskapa. Målet med dialogen er å dela vår kunnskap og erfaring og slik bidra til styring og reduksjon av risiko i verksemda. Kravet til kontinuerleg forbetring er ein bærebjelke i dette.
Openheit og tillit
Openheit er ein føresetnad for korleis me utøver myndigheita vår. Samfunnet har store forventningar til openheit.
Me publiserer mellom anna tilsynsrapportar, samtykke og granskingsrapportar her på nettstaden vår. Målet er å spreia kunnskap og dela erfaringar.
Alle kan søka innsyn i saksdokument. Offentleglova stiller strenge krav til kva som kan unntakast frå offentleg innsyn.
Sjå filmen "Hav av tillit"
Filmen set det norske sikkerhetsregimet under lupen. Systemet er tufta på ansvar, samarbeid, risikoforståring, læring etter alvorlege ulukker – og tillit.
Men korleis fungerar dette i praksis?