Tett på havet, men noko for seg sjølv
Det finst i alt sju landanlegg for ilandføring og handsaming av olje og gass i Norge. I denne artikkelen får du vita kva anlegga gjer og korleis Havtil følgjer dei opp.
Havtil har myndigheitsansvar for sikkerheit, arbeidsmiljø, beredskap og sikring i petroleumsverksemda til havs og på land. Vi utviklar HMS-regelverket og fører tilsyn med at selskapa driv forsvarleg.
Havtil har hatt ansvar for landanlegga sidan 2004.
- Det krevst ein litt annan kompetanse for å føra tilsyn med landanlegga enn på offshoreinnretningane. Då vi fekk myndigheitsansvaret i 2004, vart det derfor oppretta eit eige tilsynslag for landanlegga. Det har vi hatt sidan, fortel Kjell Arild Anfinsen, Havtil sin tilsynsleiar for land.
Landanlegga er knytt direkte til aktiviteten offshore, men skil seg likevel frå petroleumsverksemda til havs på fleire område.
- Først og fremst er dei mykje større enn offshoreinnretningane. Landanlegga spreier seg utover eit relativt stort område, i kontrast til dei kompakte innretningane i havet. I tillegg er det nokre særeigne reglar for land, opplyser Anfinsen, som har lang erfaring i rollen.
Likt og ulikt
- Mykje av regelverket for offshore og land er likt, men vi har blant annet ei eiga teknisk og operasjonell forskrift som berre gjeld landanlegga – og vi har storulykkeforskrifta.
Storulykkeforskrifta gjeld for landbaserte verksemder som produserer, bruker og/eller lagrar kjemikalie som er giftige, miljøfarlege og brann- og eksplosjonsfarlege.
Hensikta med forskrifta er å forebygga storulykker der farlege kjemikalie inngår, og å redusera konsekvensane slike ulykker kan få.
Sjølv om verksemda til havs og på land har sine forskjellar, og fagkompetanse og tilsyn må tilpassast etter det, er Havtil si oppfølging i det store biletet lik.
- Det same gjeld på land som offshore. Tilsynsaktiviteten vår skal vera systemorientert og risikobasert, oppfølginga vår skal koma i tillegg til, og ikkje som erstatning for, næringa si eiga oppfølging. Medverknad og partssamarbeid er grunnleggande prinsipp, skisserer Anfinsen.
Koordinering av årlege storulykketilsyn skjer i regi av Koordineringsgruppa for Storulykkeforskrifta (KFS). Der samarbeider Havtil med dei andre myndigheitene som forvaltar storulykkeforskrifta; Arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Næringslivets sikkerheitsorganisasjon (NSO) og Miljødirektoratet.
Hammerfest LNG
Melkøya, Hammerfest kommune, Finnmark
Operatør: Equinor
Hammerfest LNG ligg på Melkøya i Hammerfest kommune i Finnmark og er prosesseringsanlegg for Snøhvitfeltet i Barentshavet. Anlegget er eit rent gassprosesseringsanlegg. Hovudproduktet er flytande, nedkjølt naturgass (LNG). Brønnstraumen frå Snøhvit blir ført inn til anlegget for prosessering og utskiping. I prosessen blir blant anna CO2 skilt frå naturgassen og returnert til Snøhvitfeltet.
Tjeldbergodden
Kjørsvikbugen, Aure kommune, Møre og Romsdal
Operatør: Equinor
Tjeldbergodden ligg på Kjørsvikbugen i Aure kommune i Møre og Romsdal. I utgangspunktet blei det etablert tre anlegg på Tjeldbergodden: Eit mottaksanlegg for gass frå Heidrun-feltet, ein luftgassfabrikk og ein metanolfabrikk. Metanolfabrikken med mottaksanlegget utgjer i dag hovudaktiviteten på anlegget. Gassen som kjem inn til Tjeldbergodden gjennom Haltenpipe, gjer årleg 830 000 tonn metanol.
Nyhamna
Gossen, Aukra kommune, Møre og Romsdal
Operatør: Gassco
Nyhamna ligg nord på øya Gossen i Aukra kommune i Møre og Romsdal. Anlegget er eit gassprosesseringsanlegg som behandlar gassen som kjem inn frå felta Ormen Lange og Aasta Hansteen i Norskehavet. Gassen frå Nyhamna blir eksport gjennom røyrleidninga Langeled til mottaksterminalen i Easington i Storbritannia.
Mongstad
Lindås, Alver og Austrheim kommunar, Vestland
Operatør: Equinor
Mongstad-anlegget ligg i kommunane Alver og Austrheim i Vestland fylke. Anlegget skil seg frå dei andre landanlegg på fleire måtar: Det er det klart største, det er det einaste raffineriet og det er òg ein stor oljeterminal.
Mongstad er ilandføringsterminal for oljerøyrleidningane frå Troll B, Troll C, Fram, Johan Sverdrup, Kvitebjørn, Valemon, Gjøa og Vega. I tillegg tek terminalen imot råolje på skip frå blant anna Gullfaks, Statfjord, Draugen, Norne, Åsgard og Heidrun.
Oljeraffineriet på Mongstad har ein kapasitet på ti millionar tonn råolje per år. Produkta er i hovudsak, bensin, dieselolje, jet-drivstoff og andre lette petroleumsprodukt.
Mongstad er òg mottaksanlegg for røyrleidninga Vestprosess. Vestprosess er eit transport- og foredlingssystem for våtgass (NGL) og kondensat, og bind saman råoljeterminalen på Sture og gassterminalen på Kollsnes med Mongstad.
Sture
Stura, Øygarden kommune, Vestland
Operatør: Equinor
Stureterminalen ligg i Øygarden kommune i Vestland. Dette er ein oljeterminal som tek imot olje og kondensat via røyrleidningar frå Oseberg A og Granefeltet via Grane oljerøyr. Olje blir eksport med skip, medan våtgass og LPG blir sendt gjennom røyrleidninga Vestprosess til Mongstad-anlegget for vidareforedling.
Kollsnes
Ona, Øygarden kommune, Vestland
Operatør: Gassco
Kollsnes ligg på vestsida av øya Ona i Øygarden kommune i Vestland. Dette er eit gassprosessanlegg, opprinneleg ein del av Troll-utbygginga. Kollsnes er ilandføringsstad og prosessanlegg for gassen frå nettopp felta Troll, Fram, Visund og Kvitebjørn.
Gassen frå Kollsnes blir eksportert gjennom røyrleidningane Statpipe, Zeepipe, Europipe I og Franpipe til kontinentet. Anlegget er knytt til Sture og Mongstad gjennom Vestprosess, som fraktar våtgass og kondensat.
Kårstø
Kårstø, Tysvær kommune, Rogaland
Operatør: Gassco
Kårstø ligg i Tysvær kommune i Rogaland, og er eit anlegg for ilandføring og behandling av naturgass og kondensat. Anlegget mottar gass frå blant anna Statfjord, Gullfaks, Sleipner, Johan Sverdrup og Åsgard via røyrleidningane Statpipe, Åsgard transport og Sleipner Øst kondensatrøyrleidning.
Rundt 30 felt er knytt opp til Kårstø via røyrleidningar. Anlegget er det største i Europa av sitt slag. På Kårstø blir våtgass skilt ut og eksportert med skip, medan tørrgass (metan og etan) blir sendt gjennom Statpipe-røyrleidningane til mottaksterminalen i Emden i Tyskland.
Les flere Dialog-saker:
KI er også en risikofaktor
-
Kunstig intelligens er også en risikofaktor
-
Arbeidstakarar krev reell medverknad
-
Ser teknologiutvikling som organisasjonsutvikling
-
Mener KI er norsk konkurransefortrinn
-
Fra nisje til allemannseie
-
Tror KI vil skille vinnere fra tapere
-
Fem paradokser ved kunstig intelligens
-
Intelligens forklart
-
Meir KI i høgt tempo
-
Tett på havet, men noko for seg sjølv
-
Krever krafttak på land
-
Framtidstro i Hammerfest
-
Vendepunkt for vedlikehold
-
Sikkerhet og sikring må ses i sammenheng