Statistikk
Vi samlar inn vanleg besøksstatistikk for nettstaden, også ved hjelp av informasjonskapslar (cookies). Vi brukar denne informasjonen til å analysere bruken av nettsidene våre og for å forbetre og vidareutvikle innhaldet på nettstaden.
Eksempel på kva nettstatistikken gir oss informasjon om:
- kor mange besøkande vi har til sidene
- kva sider som vert besøkt
- kor lenge besøket varar
- kor dei besøkande kjem frå (geografisk by/land)
- kva nettlesar som vert brukt
- kva søkeord som vert brukte
Vi brukar analyseverktøyet Monsido til dette formålet.
Ingen av opplysningane vil bli brukte til å identifisera enkeltpersonar. Informasjonskapslane og statistikken vert berre brukt i samband med drift og vidareutvikling av nettstaden.
Nyheitsbrev
Du kan abonnere på nyheitsbrev slik at du får ein e-post frå oss når vi legg ut nyheiter eller annan informasjon her på nettstaden. For at vi skal sende e-post til riktig abonnent, må du registrere namn og e-postadresse. Desse opplysningane vert lagra i ein eigen database.
Dersom du vel å avslutte abonnementet, vert opplysningane om deg sletta.
Påmelding til arrangementa og kursa våre
Ved påmelding til seminar og konferansar blir du oppførte på ei deltakarliste som er tilgjengeleg for andre deltakarar. Deltakarlista inneheld namn, arbeidsstad og tittel. Me sender deg også informasjon om arrangementet på e-post og/eller mobil og ber om informasjon om eventuelle allergiar og tilrettelegging i det høvet. Påmelding og informasjon blir registrert i brukardatabasen vår HubSpot.
I etterkant av nokre arrangement/seminar kan du få tilsendt eit evalueringsskjema. Det er valfritt om du ønskjer å delta eller ikkje. Du kan også få informasjon om framtidige seminar/arrangement vi meiner er relevante for interesseområdet ditt.
Spørjeundersøkingar
For å gjera havtil.no til ein betre arbeidsreiskap for brukarane våre sender vi ut spørjeundersøkingar. Du vil alltid få beskjed om kva som er formålet med undersøkinga og om ho er anonym eller ikkje. Me nyttar Innsikt, som vi har databehandlaravtale med, til å senda ut spørjeundersøkingar.
Personvernombod
Havtil har et eige personvernombod. Kontakt Nina Lie dersom du har spørsmål om personvern.