Hopp til hovedinnhold
Til Tema og fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Arbeidstakarar krev reell medverknad

Bilde av Lill-Heidi Bakkerud, nestleder i Styrke Foto: Elisabeth Kjørmo
Selskapa må setja klare rammer basert på grundige risikovurderingar av kva kunstig intelligens kan brukast til. Dei må sikra kunnskap om dette i alle ledd i prosessane og inkludera den operative leiinga.

Med stadig meir bruk av kunstig intelligens i petroleumsverksemda forventar nestleiar Lill-Heidi Bakkerud i forbundet Styrke at selskapa sikrar kunnskap, tek dei tilsette med i sentrale avgjerdsprosessar og sørgjer for reell medverknad.

  • Kunstig intelligens

Kva tenkjer du om Havtil sitt hovudtema for 2025?

- Temaet er veldig aktuelt for å få opp merksemda om kva kunstig intelligens (KI) er og kva som ligg der av mogelege nedsider. 

Korleis kan bransjen best balansera fordelane med kunstig intelligens mot potensiell risiko?

- Det gjeld å sikra kunnskap om kva KI er, og kva det kan føra til, før det blir teke i bruk. Beslutningstakarar og dei som medverkar før avgjerdene blir tekne, må ha nødvendig kunnskap. Dette er ikkje noko ein set bort til IT-avdelinga. 

- Det funksjonelle regelverket vårt føreset reell medverknad og involvering frå dei som har breiddeforståing for konsekvensane av avgjerder. Medverknad er heilt nødvendig for å sikra forsvarleg bruk av kunstig intelligens i operasjonane i bransjen vår. 

Forbundet Styrke, (tidlegare Industri Energi) organiserer nesten 80.000 tilsette innanfor olje, gass, landindustri, leiing og teknikk.

Kva forventningar har du til bruken av KI i selskapa, spesielt når det gjeld sikkerheitsrelaterte operasjonar?

- Eg forventar at dei tek behovet for kunnskap i alle ledd på alvor, og at dei involverer alle partar. 

Kva meiner du er dei viktigaste tiltaka selskapa bør setja i verk for å sikra ansvarleg bruk av KI?

- Selskapa må setja klare rammer basert på grundige risikovurderingar av kva kunstig intelligens kan brukast til. Dei må sikra kunnskap om dette i alle ledd i prosessane og inkludera den operative leiinga.