Ser teknologiutvikling som organisasjonsutvikling

Tekna-president Elisabet Haugsbø understrekar at rett fagleg kompetanse må vere på plass for å vege fordelar mot ulemper når det gjeld kunstig intelligens.
- Kunstig intelligens
Kva er din reaksjon på Havtil sitt hovudtema for 2025?
- Eg tenker at det er fint å presisere at KI også er ein risikofaktor. All bruk av nye verktøy representerer risiko. Men slik som alt anna arbeid med risiko, så handlar det om å vege fordelar opp mot ulemper. For å kunne gjere dette på ein god måte, må vi sørge for å ha med fagleg ekspertise på KI når vurderingane skal gjerast. Derfor tenker eg at det er veldig nyttig å også eksplisitt snakke om risiko med tanke på bruk av KI.
Tekna (Teknisk-naturvitenskapelig forening) organiserer dei med høgare utdanning innanfor teknologi, realfag og naturvitskap. Tekna har totalt 110 000 medlemmer, blant dei 13 000 studentar.
Korleis kan bransjen best balansere fordelane med KI mot potensielle risikoar?
- For å kunne gjere vurderingar om ein type risiko er verd å ta eller ikkje, må ein ha god kunnskap om verktøyet som eventuelt tilfører (eller fjernar) risiko. I dette tilfellet er det KI.
Som nemnt handlar det då om å greie å ta med rett fagleg kompetanse inn i vurderingane. Slik kompetanse kan vere tidleg og god involvering av tillitsvalde. For her handlar det også om «å få med seg folket». Både når det gjeld å bygge ny kompetanse, og for å kunne ta i bruk verktøy på ein trygg og effektiv måte.
Kva forventningar har du til petroleumsnæringa si bruk av KI, spesielt når det gjeld sikkerheitsrelaterte operasjonar?
- Mine forventningar er at næringa greier å følge opp også denne teknologien på ein god måte. Mi oppleving er at denne næringa er god på nettopp dette, men kanskje det er ekstra store forventningar til å ta i bruk KI for å avgrense utslepp og bli endå meir energieffektive.
Kva meiner du er dei viktigaste tiltaka selskapa bør setje i verk for å sikre ansvarleg bruk av KI?
- Dei viktigaste tiltaka er å ta inn over seg at teknologiutvikling er organisasjonsutvikling. Det betyr at ein må ha god forståing for korleis teknologien faktisk fungerer (KI-fagkompetanse) inn i risikovurderinga. I tillegg er det viktig å få med seg tillitsvalde tidleg i prosessen - og ikkje minst sørge for at dei tilsette har rett kompetanse for å kunne ta i bruk verktøya på ein god måte.