To område på norsk sokkel er så langt opna for bygging av havvind: Utsira nord, som passar for flytande vindturbinar, og Sørlege Nordsjø II, som passar for både botnfaste og flytande turbinar.

Botnfast havvind kan i dag nyttast ned til 60 meters havdjup. Fram til no har det meste av havvind som er bygt ut eller som er under utbygging i verda, vore botnfast.

Det fins mange ulike fundament for botnfast havvind. Val av løysing kjem an på kor djupt det er og korleis botnforholda er på staden der turbinane skal plasserast. 

Ved havdjup på meir enn 100 meter må det i dag brukast flytande fundament. Ulike teknologiar er under utvikling, men felles for dei alle er at fundamentet må gje stabilitet nok til å tola høge bølger, straumar og utfordrande vindforhold.

På grunn av havdjupna er det størst potensial for havvind i Noreg i form av flytande havvind.

Produksjon

Mengda straum ei turbin  kan produsere i løpet av eit år, kan reknast ut frå turbinen sin kapasitetsfaktor. Kapasitetsfaktor beskriv energien som faktisk blir produsert i løpet av eit år, i forhold til det som ville bli produsert dersom turbinen gjekk for full effekt i alle årets timar. Moderne landbaserte vindturbinar har ein kapasitetsfaktor rundt 35 prosent, mens nye, moderne havvindturbinar har ein kapasitetsfaktor opp mot 55 prosent.

Regjeringa sin ambisjon er innan 2040 å ha tildelt areal med eit potensiale for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel. Dette utgjer omlag 75 prosent av kapasiteten i det norske kraftsystemet i dag.

Risiko

Havvind har fellestrekk med petroleumsverksemda når det gjeld teknologiske og driftsmessige løysingar - og for dei ulike fasane av verksemda: Prosjektering, bygging, installasjon, drift, vedlikehald og fjerning. Det er også fleire parallellar mellom havvind og petroleumsverksemd til havs når det gjeld risikoforhold. 

Den største skilnaden mellom havvind og petroleumsverksemda er at den dominerande risikoen knytt til handtering av store mengder olje og gass under trykk, naturleg nok ikkje er til stades på innretningar knytt til havvind. Dette medfører at risikoen for storulykker er vesentlig mindre innan havvind. Men også i denne verksemda er det potensial for storulykker og hendingar med fleire dødsfall.