Hopp til hovedinnhold
Til Fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Ny status for intervensjon

Intervensjon har tradisjonelt vore «litlebroren» i boring- og brønnfaget, utan at det finst ei eintydig forklaring på kvifor. For denne typen aktivitet er både kompleks og viktig - og har storulykkepotensial. No får faget eit løft.

Alt arbeid som blir utført i ein oljebrønn etter at han er bora og sett i produksjon, blir kalla intervensjon.

Statistikken viser at det i løpet av eitt år blir rapportert få uønskte hendingar i samband med intervensjonsaktivitet. Likevel skjer det eit breitt arbeid i heile næringa for å auke merksemda kring nettopp intervensjon.

Halde brønnen trygg

Ein oljebrønn varer i mange år, og over tid skjer det naturlege endringar som gjer at han treng justeringar, reparasjonar og opprydding. Det finst mange grunnar til å gjennomføre brønnintervensjon: Halde brønnen trygg, sikre at han produserer best mogleg, rette opp problem eller gjere han klar for større arbeid som kjem seinare.

Trass i at intervensjon er både komplekst og viktig, har intervensjon tradisjonelt vore ein junior i boring- og brønnfaget. Utan at det finst noko god forklaring på kvifor.

Nomadar

– Dei er jo olja sine nomadar; intervensjonsfolket. Dei reiser frå innretning til innretning, monterer tungt utstyr, gjer jobben – og dreg vidare, skisserer Monica Ovesen, fagleiar for Boring og brønn i Havtil.

– Effekten av intervensjonsarbeid har tradisjonelt ikkje vore direkte knytt til verdiskaping, kanskje er det difor statusen er som han er, seier ho.

No blir det derimot teke eit samla løft i bransjen for å auke fokuset på brønnintervensjon. Ikkje nødvendigvis for å heve statusen til faget, men for å styrke sikkerheit, læring og forståing.

– Eitt moment er aktivitetsnivået: Det blir gjort tre gongar så mange intervensjonar som boreoperasjonar i løpet av eit år, seier Ovesen, og peikar på fleire andre forhold som krev større merksemd:

– Dette er arbeid med reell risiko, og risikoen er annleis enn ved boring. Feilmekanismane er mindre spektakulære, men meir snikande. Feil eller svikt under intervensjon kan utløyse same type storulykkepotensial som ved boring, men blir ofte undervurdert.

“Havtil har særleg merksemd retta mot å synleggjere og forstå risikobiletet til intervensjon, kor arbeid i levande brønnar og snikande feilmekanismar kan gje storulykkepotensial. God barrierestyring står sentralt.“ Monica Ovesen, fagleder boring og brønn i Havtil. Foto: Elisabeth Kjørmo

Eit utdatert rapporteringssystem

Samtidig viser tal at det er svært få uønskte intervensjonsrelaterte hendingar i løpet av eit år.

Dette handlar mellom anna om at rapporteringssystemet fram til nyleg var tilpassa boring - og i mindre grad intervensjon.

Ovesen og teamet hennar forklarer at den førre versjonen av bransjen si retningslinje var svært omfattande. Retningslinja hadde òg eit høgt detaljnivå som gjorde det vanskeleg å vite kva som faktisk skulle rapporterast og korleis hendingar skulle kategoriserast. Resultatet var lite rapportering, feilklassifiseringar og eit misvisande risikobilete.

Som del av det aukande fokuset på intervensjon, er retningslinja no revidert.

– Ho er enklare, har klarare kategoriar, gjev mindre rom for misforståingar og er langt betre tilpassa intervensjon. I tillegg håper vi det no blir rapportert fleire hendingar som kan delast, slik at vi får til læring på tvers av alle aktørane, seier Ovesen.

Nytt samarbeid

Tiltaka stoppar ikkje der. I samarbeid med bransjeorganisasjonen Icota (Intervention & Coiled Tubing Association) arrangerer Havtil den årlege fagsamlinga Intervensjonsdagen.

Monica Ovesen har, saman med kollegaene Tor Inge Handeland, Siren Øsebak og Vibjørn Dagestad i fagområdet Boring og brønn, stått bak denne fagdagen frå Havtil si side. Alle trekk fram samarbeidet med Icota som unikt. Tonen er den same andre vegen:

– Me ser på oss sjølve som den leiande intervensjonsorganisasjonen i verda. Når Havtil ønskjer samarbeid med oss, er det eit ekstra kvalitetsstempel, seier Max Sørensen, som har fleire verv i Icota, både i Skandinavia, Europa og globalt.

Sørensen forklarar at Icota si rolle skal være å fungere som fagleg møteplass for heile intervensjonsmiljøet, der operatørar, leverandørar, myndigheiter og verneteneste kan møtest på like fot.

Ifølgje Sørensen er det nettopp difor samarbeidet med Havtil er så fruktbart.

- Icota er nøytral grunn, og då er terskelen låg for å dele både suksessar og feil. Det er rom for dei ærlege diskusjonane, dei som faktisk flyttar fagfeltet framover. Når myndigheitsperspektivet kjem inn, blir risikotankegangen meir heilskapleg. Ein får både avstand og innsikt samtidig, som er ein styrke.

Intervensjonsdagen har raskt blitt attraktiv for fagmiljøet. Her møtest brønn- og intervensjonsfolk frå heile sokkelen til faglege innlegg, demonstrasjonar, diskusjonar og case frå verkelege operasjonar.

- Det betyr mykje at nokon tek initiativ til ein slik arena, seier Sørensen.

- Det handlar ikkje berre om å vise fram teknologi, men om å setje eit fagfelt på dagsorden. Når Havtil går inn i dette saman med oss, gir det autoritet. Når dei ønskjer å lytte, diskutere og lære saman med bransjen, skaper det tillit. Og tillit er avgjerande for at læring skal skje.

“Betre rapportering og meir treffsikker klassifisering av hendingar, har ført til at næringa har fått eit meir realistisk grunnlag for læring og førebygging på tvers av aktørar.” Vibjørn Dagestad, Havtil. Foto: Elisabeth Kjørmo

Intervensjonsfamilien

Denne tilliten er òg noko Sigbjørn Lundal i oljeserviceselskapet SLB trekkjer fram. Som hovudverneombod har han sett utviklinga frå nært hald. For han er suksessen bak intervensjonssatsing dei siste åra ikkje først og fremst teknologi eller regelverk, men kultur.

- Me kallar oss gjerne ‘intervensjonsfamilien’, seier Lundal, og det er ikkje ein tom klisjé. Det er hardt arbeid i levande brønnar, tronge arbeidsflatar, mykje tungt utstyr og mange aktørar som må jobbe tett. Då er det heilt avgjerande at me har eit miljø som er prega av openheit, tillit og gjensidig respekt.

Han forklarar at intervensjonsmiljøet historisk har vore litt for seg sjølv, eit fagområde som reiste mellom innretningar, gjorde jobben og forsvann. Det kunne gje ei kjensle av å vere gjest, snarare enn fullt integrert i drifta. Men dette har endra seg.

- Dei siste åra har me sett at operatørane slepp oss mykje meir inn, seier Lundal.

- Me sit i arbeidsmiljøutval, me deltek i planlegginga og me er med heilt frå starten når ny teknologi eller nye metodar blir vurderte. Det har styrkt vernetenesta, og det har styrkt sikkerheita. Du byggjer betre løysingar når dei som skal bruke dei, får vere med.

Han understrekar samtidig kor viktig Havtil si rolle har vore i denne endringa:

- Havtil har vore flinke til å stille krav, men dei har også vore flinke til å lytte. Dei møter folk ute på innretningane, dei stiller gode spørsmål og viser interesse for kva som skjer på dekk. Dei kjem ikkje inn berre som kontrollørar, men som fagfolk som vil bidra til at vi blir betre.

Felles løft

For Lundal er det kombinasjonen av teknisk utvikling, betre rapportering og sterkare trepartssamarbeid som no løftar faget:

- Det me gjer i dag, er betre enn det me gjorde for ti år sidan. Men det viktigaste er at me forstår meir. Me forstår risikoen betre, me forstår konsekvensane betre og me forstår kor viktig det er å vere grundige i planlegginga.

Han er også tydeleg på at volumet i seg sjølv gjer intervensjon til ein nøkkelfaktor framover.

- Det blir gjort så mange intervensjonar i løpet av eit år. Det seier seg sjølv at dette må vere eit fagområde som får merksemd.

- Og, vi set faktisk pris på at Havtil kjem på tilsyn, seier Lundal.

- Det gir oss moglegheit til å vise fram kva me faktisk jobbar med og kor me ser utfordringar. Tilsyn handlar ikkje om å finne feil, men om å finne rom for forbetringar. Når dette perspektivet ligg til grunn, blir resultatet også mykje betre.

“Havtil legg vekt på tett dialog med operatørar, leverandørar og verneteneste, blant anna gjennom samarbeid med ICoTA, for å styrke f elles forståing, medverking og kontinuerleg forbetring innan intervensjon.” Tor Inge Handeland, Havtil. Foto: Elisabeth Kjørmo

Ser til Noreg

Max Sørensen i Icota ser det frå eit internasjonalt perspektiv. Han meiner Noreg no er i ferd med å ta ei leiande rolle innan intervensjonsarbeid:

- Det som skjer på norsk sokkel, blir lagt merke til. Andre land ser til Noreg fordi samarbeidet mellom myndigheiter og industri fungerer. Det er ikkje alle plassar du finn den typen openheit. Når du har eit fagfelt som jobbar i tråd med beste praksis og myndigheiter som både utfordrar og støttar, får du eit miljø som utviklar seg raskt.

Han får full støtte frå Havtil sin fagleiar i at openheit må til.

- Det viktigaste me kan gjere, er å halde fram med å lære - saman, seier Ovesen.

- Med deling og openheit blir me betre og kan oppnå reell risikoreduksjon og styrka sikkerheit. Det trengs, for intervensjon vil berre bli viktigare i åra som kjem, slår ho fast.

Les flere saker fra Dialog nr. 1-2026: Er vi beredt?

Bilde

Med beredskap i blodet

Bilde

Gründere ruster opp

Bilde

Fra barkebiller til Nato

Bilde

Teknologi for to formål

Bilde

Etterlyser tydeligere mineralstrategi

Ønsker du å motta Dialog i trykt versjon helt gratis? Send en e-post til dialog@havtil.no og oppgi hvor mange eksemplarer du ønsker. Tidsskriftet finnes også i engelsk utgave.