Hopp til hovedinnhold
Til Fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Før krisa kjem

Dersom viktige samfunnsfunksjonar skal oppretthaldast i krise og krig, spelar næringslivet ei viktig rolle. Bransjeorganisasjonen Offshore Norge peiker på fleire sentrale problemstillingar som bør diskuterast og avklarast – før krisa inntreff.

– Det er eit enkelt spørsmål, men vanskeleg å svare kort på, seier Aud Nistov i Offshore Norge når ho blir beden om å vurdere kor godt petroleumsnæringa er førebudd på krise og krig. 

Ho meiner Totalforsvarsåret 2026 må brukast mellom anna til å skape felles forståing for rollar, ansvar og avhengigheiter - både i næringa og i samspel med styresmaktene. 

- Når ein les meldinga om totalberedskap og set seg inn i kva som ligg i dette, er bodskapen tydeleg: Heile samfunnet må førebu seg på krise og krig - det sivile samfunnet og kvar enkelt av oss - det handlar om eigenberedskap. At vi tek eit visst individuelt ansvar, seier Nistov.  

- For næringslivet handlar det om noko anna, påpeikar ho: Korleis verksemdene kan bidra til at samfunnet, eller «AS Norge», fungerer også i ein krise- eller krigssituasjon.  

- Då snakkar vi om heilt grunnleggjande funksjonar. At mest mogleg av straumnettet er oppe. At folk har reint drikkevatn. At VVS fungerer. At det finst transportressursar til å handtere avfall, slik at vi unngår opphoping i gater og byrom. At mat kan distribuerast til butikkane. At helsetenestene fungerer, både når det gjeld personell, drift og leveransar av medisin og utstyr. 

- Denne oppramsinga er ikkje uttømmande, understrekar Nistov, men den illustrerer breidda i utfordringar som må handterast. 

Levere energi 

- Petroleumsverksemda sitt viktigaste bidrag i eit totalforsvarsperspektiv er i praksis å gjere det vi allereie gjer: Levere energi. Norsk gass er avgjerande for Europa. Dersom Noreg hamnar i ei alvorleg krise, er det ikkje berre vi som blir ramma. Det vil få konsekvensar for store delar av Europa, seier Nistov. 

Samtidig peiker ho på nye problemstillingar som har kome tydeleg fram denne våren, ikkje minst med situasjonen i Midtausten og stenging av Hormuz-stredet.  

- Vi er produsent av drivstoff og av råstoff til ulike drivstoff, men er vi eigentleg der vi bør vere når det gjeld eiga forsyning? Til dømes når det gjeld diesel, bensin og flydrivstoff til transportnæringa og private aktørar - medrekna helikoptertransport til og frå norsk sokkel - og for Forsvaret? 

- Drivstoff-forsyning er definert som ein grunnleggjande nasjonal funksjon og inneber å dekke drivstoffbehovet til Forsvaret og sivile brukarar som er viktige for nasjonale tryggleiksinteresser. Samstundes kan eg ikkje sitje her og seie at løysinga nødvendigvis er meir produksjon i Noreg. Det eg seier, er at dette burde analyserast: Fungerer dagens leverandørkjeder også i ein krise- eller krigssituasjon? Eller er det sårbarheiter vi ikkje har teke på alvor? 

Samde om vala 

Etter hennar syn er det viktig at slike spørsmål blir drøfta i fellesskap, slik at både næring, styresmakter og brukarar er samde om vala som blir tekne. 

Det Nistov peikar på som det mest skremmande utfallet, er at ein tek tryggleiken for gitt. At ein reknar med at det «ordnar seg», fordi Noreg er ei stor petroleumsnasjon. For lite raffinerikapasitet eller feil type infrastruktur kan raskt vise at den tryggleiken er falsk i ei verd der forsyningslinjene ikkje nødvendigvis fungerer som før. 

- Eit anna døme er straum. Det vart for ei tid tilbake gjort ei analyse av kva som skjer i ulike industriar dersom 30 prosent av straumtilgangen fell bort. I utgangspunktet såg dei økonomiske konsekvensane overkomelege ut, men tala var baserte på føresetnader som ikkje held. For i realiteten kan konsekvensane vere enorme. Dersom straumen til ein petroleumsprodusent fell med 30 prosent, kan produksjonen stoppe.   

Kven koordinerer? 

Nistov peikar òg på utfordringar knytt til personell og ressursbruk. Ordningar med arbeidsplikt og omdisponering kan vere fornuftige, meiner ho, men reiser samtidig spørsmålet om kven som eigentleg har ansvaret for koordineringa og for å unngå eller løyse samtidigheitskonfliktar. 

- Det same gjeld transportressursar. Forsvaret nyttar i aukande grad private leverandørar, til dømes for transportkapasitet. Men dei same lastebilane kan samstundes vere rekna inn av Sivilforsvaret eller Heimevernet. Kven har oversikta? Kven sikrar at ressursane ikkje blir talde fire gonger - og i verste fall ikkje er tilgjengelege for nokon? 

- Alt høyrest ryddig ut i meldingar om sivil‑militært samarbeid og offentleg‑privat samspel. Og mykje fungerer. Men nokon må faktisk ha ansvar for heilskapen. 

Nistov uttrykkjer også uro for scenario der ressursar frå petroleumsnæringa – som personell, helikopter og forsyningsskip – blir omdisponerte til andre formål i ei krise.  

- Då kan det hende noko anna må prioriterast ned. Klarer vi å halde all aktivitet på sokkelen i gang samstundes? Truleg ikkje. Desse diskusjonane er vanskelege, men nødvendige. 

Står sterkt 

Trass i dette er ho tydeleg på at norsk petroleumsnæring står sterkt. Næringa er god på beredskap og samhandling og har mykje på plass samanlikna med mange andre land. Det som er nytt, er tryggleiksbiletet og behovet for å tenkje annleis rundt sikring. 

Nistov meiner det første selskapa må gjere i Totalforsvarsåret, er å setje temaet på dagsordenen. 

- Dei må stille seg grunnleggjande spørsmål om kva rolle dei har i totalforsvaret, kva avhengigheiter som er mest kritiske for selskapet, kva som må prioriterast dersom krisa kjem og kvar det eventuelt er gap mellom ambisjon og faktisk evne. 

- Næringa har mykje på plass. Vi er vane med å tenke beredskap og har system for å handtere kriser. Utfordringa no er å sjå beredskapen i ein totalforsvarskontekst. Før krisa kjem, ikkje etterpå. 

Næringslivet sitt ansvar 

Verksemdene sitt viktigaste bidrag i krise eller krig er å levere så nært ein normalsituasjon som mogleg. Det gjer at samfunnet sine ressursar kan prioriterast der dei trengst mest. 

Alle verksemder blir oppmoda om å ta eit sjølvstendig ansvar for eigen beredskap. 

Her er fire råd frå regjeringa til næringslivet: 

1) Ver oppdatert på trusselbiletet 
Bruk tilgjengelege vurderingar til å forstå aktuelle truslar og sårbarheiter.

2) Kartlegg verksemda sine verdiar og sårbarheiter 
Ha oversikt over kva som kan gjere verksemda interessant for trusselaktørar og korleis sårbarheiter kan reduserast.

3) Legg kontinuitetsplanar 
Planlegg for korleis drifta skal oppretthaldast ved bortfall av straum, digitale tenester eller vassforsyning. Øv på scenario og sørg for eigenberedskap i verksemda.

4) Bruk Totalforsvarsåret til å øve 
Delta i øvingar der det er mogleg. 

Råda frå regjeringa til næringslivet er henta frå brev frå Justis- og beredskapsdepartementet til Næringslivets sikkerhetsorganisasjon 16.3.2026

Fleire råd og ressursar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) leier arbeidet med Totalforsvarsåret 2026, og på dsb.no finst ulike rettleiingar og omtalar som kan vere nyttige i arbeidet med å styrkje beredskap og krisehandtering.  DSB har mellom anna råd til verksemder om styrking av eigenberedskap. 

Ha ein «plan B»

Kontinuitetsplanlegging er sentralt i DSB sine råd til næringslivet. Kontinuitet betyr her evna til å sikre vedvarande produksjon og levering av varer og tenester, trass i forstyrringar og uønskte hendingar. 

DSB understrekar at verksemder som har gode kontinuitetsplanar – ein «plan B» – gjer Noreg meir robust. 

Det er særleg viktig at verksemder med kjerneleveransar av samfunnskritisk betydning legg kontinuitetsplanar. 

Det finst rettleiingar og anerkjende bransjestandardar som kan brukast i kontinuitetsplanlegging. Lenker til desse finst på DSB sine nettsider.

Les fleire saker frå Dialog nr. 2 - 2026:

Bilde

Hvis det verste skulle skje

Bilde

Trusselbildet mot norsk petroleumsvirksomhet

Bilde

Med beredskap i blodet

Bilde

Gründere ruster opp

Bilde

Fra barkebiller til Nato

Bilde

Teknologi for to formål

Bilde

Etterlyser tydeligere mineralstrategi

Bilde

Ny status for intervensjon

Bilde

Nettverket under bølgjene

Bilde

Sikre konstruksjoner og robuste materialvalg

Ønsker du å motta Dialog i trykt versjon helt gratis? Send en e-post til dialog@havtil.no og oppgi hvor mange eksemplarer du ønsker. Tidsskriftet finnes også i engelsk utgave.