Fagdagen er no fullteikna. Ta kontakt med siren.osebak@havtil.no for å stå på venteliste.
Kva kan du forventa?
Fagpresentasjonar: Møt leiande bransjefolk som jobbar med innovasjon, kvalifisering av ny teknologi og bransje nettverk innan plugging & forlating av brønnar.
Erfaringsdeling: Delta i uformelle diskusjonar og del dine eigne erfaringar med bransjekollegaer.
Nettverksbygging: Møt og knytt kontaktar med andre profesjonelle i bransjen.
Sikre din plass i dag - vi har kun nokre få ledige plassar.
Vi ser fram til å ønskja deg velkommen til ein dag fylt med læring, inspirasjon og samarbeid.
Permanent og midlertidig plugging av brønnar
Det er cirka 2300 olje- og gassbrønnar på norsk kontinentalsokkel.
Desse må før eller sidan pluggast og blir forlatne for eit evigheitsperspektiv. I den forbindelse inviterer vi til fagdag med tema «Plugging and abandonment – Innovation, collaboration and use of new technology».
For at olje- og gassbrønnane skal pluggast og sikrast på ein robust og forsvarleg måte i framtida er vi som industri avhengig av kontinuerleg forbetring, deling av læring og utvikling av ny teknologi og nye metodar for å redusera kostnadene og sikra robustheit ved PP&A-operasjonane.
På norsk sokkel er aktivitetsnivå og kostnader ved dei framtidige plugga operasjonane anslått til å vera store, både for kvar enkelt operatør, lisenspartnar og for det norske samfunnet.
Industrien vil i tillegg måtta førebu seg på eit høgt aktivitetsnivå innan denne fagdisiplinen og sikra kontinuerleg kompetanse i mange år framover.
Havtil støttar opp om arbeidet til aktørane med utvikling og kvalifisering av ny teknologi som vil effektiviserer pluggeoperasjonane, sikre kompetanseheving og redusera kostandane med P&A den dagen den «store bølgja» med P&A operasjonar startar.
Merk! Foredraga vil gå føre seg på engelsk.