Studien er del av Havtil sitt arbeid kring temaet tap av posisjon for faste- og flyttbare flytande innretningar.
Vi har tidlegare granska hendingar med tap av posisjon i samband med boreoperasjonar (West Mira og West Hercules) og gangbruoperasjonar (Floatel Endurance). Det har og vorte gjennomført tilsyn med aktørar i næringa for å følgje opp arbeidet dei gjer for å ivareta sikkerheita i forbinding med DP-operasjonar.
I tillegg til dette har vi utført og publisert desse studia kring tematikken:
I studien frå 2022 om avbrotskriterier vart parameteren sannsyn for suksess, som kriterium til hjelp for avgjersla om å fortsetje eller avbryta operasjonar, introdusert og undersøkt. I næringa nyttar ein ofte mest sannsynleg største (MPM) verdi, eller nokre gonger forventa største verdi (EMAX), i samband med fastsetjing av operasjonsgrenser. Bruk av desse parameterane kan etter vårt syn i nokre tilfelle gje feil forståing av risiko ettersom dei, for relevante dynamiske prosessar, vert overskridne i, høvesvis, 63% og 43% av tilfella.
Bruk av sannsyn for suksess og thrusterutnytting vert i denne studien demonstrert ved å analysera to ulike marine operasjonar:
- posisjonshalding for ei halvt nedsenkbar boreinnretning,
- gangvegoperasjonar mellom eit flotell og ein forankra FPSO.
Dei to dømestudia illustrerer grunnleggjande ulike overskridingsmekanismar:
- operasjonen med boreinnretninga er kapasitetsavgrensa, styrt av skyvekraftmarginen mot miljøkrefter,
- gangvegoperasjonen er presisjonsavgrensa og sensitiv for laterale og vertikale relative rørsler som førsteordens bølgjer typisk vil kunne setja i sving.
Rapporten gjev også rettleiing og tilrådingar for etablering av simuleringsmodellar, val av miljøkondisjonar og fastsetjing av simuleringsvarigheiter for å sikre statistisk pålitelege resultat.
Handtering av usikkerheit i vêrprognosar, og effektar av sjøtilstandar med fleire bølgjekomponentar (vindsjø og dønning), vert også diskutert.