Oppfølging av hendingar har vist at flyttbare innretningar i enkelte tilfelle har venta for lenge med å gå til tryggleikstilstand. I 2020 granska vi to slike hendingar: 3. mars 2020 kom den flyttbare boreinnretninga West Mira ut av posisjon under ein boreoperasjon. Som følgje av dette vart nedre stigerøyrspakke (LMRP) automatisk fråkopla og innretninga dreiv bort frå brønnen.

Les meir: Seadrill – West Mira – Gransking av utilsiktet frakobling av nedre stigerørspakke 

Ei liknande hending skjedde på West Hercules i 2019, denne vart også granska av oss.

Les meir: Seadrill – West Hercules – Gransking av utilsiktet frakobling av nedre stigerørspakke

29. februar 2020 vart gangbrua mellom bustadinnretninga Floatel Endurance og den faste innretninga Martin Linge automatisk fråkopla på grunn av bølgjelaster.

Les meir: Equinor/Floatel International – Floatel Endurance – gransking av utilsiktet frakobling av gangbro 

Ingen av desse hendingane førte til personskadar eller store utslepp, men dei kunne ha gjort det under endra omstende.

Tilsyn

I etterkant av granskinga på West Mira fekk Seadrill pålegg om å identifisere og setje i verk tiltak som sikrar at liknande hending ikkje gjentek seg på West Mira eller andre av Seadrill sine innretningar. Vi har hatt møte med både Seadrill og Floatel International om tiltaka deira etter granskingane. Vi har også ført tilsyn med dei same selskapa for å følgje opp arbeidet dei har gjort.

For å bidra til forbetring i enkeltselskap med flyttbare innretningar, gjennomførte vi i 2020 og 2021 ei rekkje revisjonar med tema stabilitet og marine system. Sjøfartsdirektoratet deltok på fleire av desse revisjonane.

Vi har planlagt tilsvarande revisjonar i 2022, men då med større vekt på læring frå tidlegare revisjonar. I tillegg har vi i nokre tilfelle adressert operatørselskapa som leiger inn dei flyttbare innretningane. De har eit særleg ansvar for operasjonen, og er premissgjevar blant anna for kriterium for når innretningane skal koplast frå i eksempelvis ein storm.

Informasjon og rettleiing

I januar 2021 inviterte vi til webinar om vêr-kriterium for boreoperasjon på flyttbare innretningar. I seminaret presiserte Petroleumstilsynet, Sjøfartsdirektoratet og klasseselskapet DNV GL krava som gjeld under ulike vêrforhold. I tillegg delte fleire selskap erfaringane sine. Ca. 500 personar følgde webinaret.

Frå invitasjonen: «Granskningsfunn viser at det er utfordringer med å definere og anvende grenser mellom normal operasjon og vær-betingede situasjoner som krever stans i operasjonen og fokus på maritim sikring av innretning og mannskap (kalt sikkerhetstilstand eller overlevelsesdypgang). Vi ønsker med webinaret å arbeide for en tryggere drift av flyttbare boreinnretninger i de situasjonene hvor været setter begrensninger for operasjonen.»

Vi arrangerte også eit møte med avgrensa tal på deltakarar som oppfølging av ei hending der bølgjeslag på undersida av dekksboksen gav skadar og slo laus ein livbåt. Tap av posisjon var også tema på Konstruksjonsdagen 1. september 2021.

I tillegg har vi presentert RNNP-resultata knytte til konstruksjonstryggleik, og spesielt tap av posisjon, både i Sikkerhetsforum og i eit separat møte med Norges Rederiforbund.

På oppdrag frå Petroleumstilsynet gjennomførte SINTEF ein studie av bølgjelaster som kan gje tap av posisjon for DP-opererte innretningar. Studien, som vart publisert i oktober 2021, viste at effekten av bølgjedriftskrefter bør takast omsyn til i etablering av operasjonskriterium. 

Effekt

Dei ansvarlege selskapa har gjennomført omfattande tiltak som følgje av granskings- og tilsynsrapportane våre. Alle rapportar blir publiserte på nettstaden vår, og særleg granskingsrapportar får mykje merksemd, både hos andre selskap og i bransjeforum. Det er derfor grunn til å tru at rapportane har ført til at nødvendige tiltak også er vortne sette i verk i andre delar av næringa.

I tilsyna var ein del av føremålet å diskutere faglege problemstillingar, på ein slik måte at det tilførte selskapa ny kunnskap. Tilsyna hadde også eit element av rettleiing. Vi søkte å bidra til at selskapa som har flyttbare innretningar, i større grad tek sjølvstendig ansvar på eit område der klasseselskapet eller konsulentselskap tradisjonelt har ei viktig rolle.

På bransjenivå har vi gjennomført ein studie som har gjeve ny kunnskap om operasjonskriterium. Vi har gjennom webinar, møte og anna formidling bidrege til at fleire er vortne kjende med utfordringane, krava som gjeld for sikker operasjon, og den nyaste kunnskapen på området.

Ved at både myndigheitene og selskapa deler sine erfaringar, reknar vi med at vi at tilhøyrarane både har fått auka motivasjon og tilgang til nye løysingar som kan bidra til endring. Data frå RNNP viser at det i 2021 var ein nedgang frå 2020 i hendingar knytte til posisjonering og posisjoneringssystem. Begge var på fartøy, og ingen av desse var knytte til vêrkriterium. Talet er for lågt til at vi kan seie noko sikkert om årsak, men vi går ut frå at den auka merksemda som vi og næringa har hatt på dette temaet, har bidrege til forbetring.

Denne artikkelen er henta frå Ptil sin årsrapport for 2021 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Heile årsrapporten kan du lesa her.