Mellombelse skatteordningar sytte for full fart i utbygginga av nye felt, og fleire titals utbyggingsplanar vil truleg bli leverte til myndigheitene i 2022.

Styringssignalet frå regjeringa er at bransjen skal utviklast, ikkje avviklast. Samtidig er det ei tydeleg forventning – både frå politisk hald og frå samfunnet elles – når det gjeld klima, berekraft og energiomstilling.

Mange oljeselskap har lagt strategiar for endring, og jobbar seg inn på nye område. Dei satsar på fornybar energi, lågutslepps-løysingar og klimatiltak som elektrifisering og CO2-fangst og -lagring.

2021 var også eit år med pandemi, kor smittevern og testing blei kvardagen på innretningar og anlegg i petroleumsverksemda gjennom heile året.

Tryggleik i alle fasar og under alle forhold

- Vår viktigaste bodskap til næringa er at tryggleiken må sikrast – i alle fasar, og under alle forhold, seier Ptil-direktør Anne Myhrvold.

Ho peikar på at uvisse er vorte normalen, etter to år med omskifting, bekymring og stadig endring.

- Slik er det også i den delen av næringa som vi fører tilsyn med. Den politiske situasjonen vil variere, oljeprisen vil variere, oppdraga vil variere, og krava til omstilling og utvikling vil berre bli større i tida framover.

– I alt dette må vi ta hand om tryggleiken for dei som arbeider i næringa, og for miljøet.