I 2016 publiserte Petroleumstilsynet (Ptil) ei utgreiing der vi oppsummerte manglar som var påvist gjennom tilsyn og annan kontakt med aktørar i næringa. Vi hadde blant anna sett at verneomboda ikkje vart involverte i dei rette sakene, at dei ikkje vart involverte tidleg nok, at dei ikkje hadde god nok opplæring, og at dei ikkje fekk nok tid til å drive verneombodsarbeid.

Les meir: Utredning om arbeidstakermedvirkning og partssamarbeid 

Sidan 2016 har vi halde fram med å setje søkjelyset på dette området på mange ulike måtar.

Informasjon og rettleiing

I 2018 forsterka ein rapport frå IRIS og Fafo på oppdrag frå Ptil inntrykket vi hadde av situasjonen, som oppsummert i 2016.

Les meir: Vernetjenesten: Svekket, men viktig rolle 

Som ein del av rettleiinga vår utarbeidde vi i 2019 ei sjekkliste til bruk i arbeidet med tilrettelegging for arbeidstakarmedverknad. Sjekklista kan brukast både av arbeidsgjevar og arbeidstakarar.

Ptil har årlege møte med dei største fagforeiningane i næringa og med forum for koordinerande hovudverneombod. Det gjev oss verdifull innsikt, som supplerer informasjonen vi får frå møte med enkeltselskap. Kunnskapen blir formidla vidare i tilsyn, i møte på selskapsnivå, og i bransjeforum. Arbeidstakarmedverknad har også vore eit tema på trepartsarenaen Sikkerhetsforum.

I 2019 utarbeidde Sikkerhetsforum ein rapport om ansvar, roller og samarbeidsmodellar for to- og trepartssamarbeidet i petroleumsnæringa. Rapporten inneheld også tilrådingar og tiltak som Sikkerhetsforum har arbeidd med i etterkant. 

Tilsyn

Arbeidstakarmedverknad er ein integrert del av vårt tilsyn. Vi legg alltid til rette for eigne møte med verneomboda når vi er på innretningar eller anlegg. I møta våre med selskapa er vernetenesta som regel representert, uansett kva som er tema. Arbeidstakarmedverknad er også eit eige tema i mange ulike tilsyn, og det blir framleis identifisert avvik frå rammeforskrifta § 13.

Regelverk

Rammeforskrifta § 13 om tilrettelegging for arbeidstakermedvirkning: Den ansvarlige skal sikre at arbeidstakerne og deres tillitsvalgte gis anledning til å medvirke i saker som har betydning for arbeidsmiljøet og sikkerheten i virksomheten etter krav gitt i og i medhold av arbeidsmiljøloven og denne forskriften. Slik medvirkning skal ivaretas i de ulike fasene av virksomheten.

Eit døme er tilsynet med Equinor og selskapet si eiga oppfølging i 2020. Vi peika i tilsynet på manglar ved tilrettelegging for arbeidstakarmedverknad i selskapet, og vi gav pålegg til Equinor om å verifisere at regelverkskravet vart etterlevd. Pålegget har vore tema i møte gjennom heile 2021. Equinor vil vere ferdig med alle tiltak etter pålegget i byrjinga av 2022.

Effekt

Når vi peikar på avvik innanfor arbeidstakarmedverknad, blir det sett i verk tiltak i det gjeldande selskapet.

Equinor etablerte som følgje av pålegget i 2020 ei intern, partssamansett gruppe for å utarbeide ein plan og setje i verk tiltak. Det er semje mellom partane om tiltaka, og arbeidet med implementering er i gang. Arbeidet har bidrege til forventningsavklaringar og semje om spelereglar i Equinor, og er ei tydeleg forbetring.

Tilsynet vårt og rettleiinga vår om arbeidstakarmedverknad både på ptil.no, i møte og elles på ulike arenaer bidreg til at arbeidstakarmedverknad får merksemd. Vi observerer ei forbetring i forståinga av medverknad og kor viktig det er med struktur for samarbeid i fleire selskap dei seinare åra.

Det er likevel mange funn frå tilsyn og bekymringsmeldingar som viser at verneomboda har dei same utfordringane som dei vi har peika på før. Vi har sett at selskapa typisk manglar ei systematisk oppfølging av korleis arbeidstakarmedverknad i eige selskap fungerer.

Denne artikkelen er henta frå Ptil sin årsrapport for 2021 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Heile årsrapporten kan du lesa her.