Myggar med meining

Etter eit kraftig oljeprisfall på slutten av 1990-talet, følgde ei rekke samanslåingar mellom nokre av dei aller største oljeselskapa i verda – dei såkalla supermajors. På norsk sokkel, kor dei store i mange år hadde vore dominerande, var konsekvensen færre aktørar og lågare leiteverksemd.
Byrjinga av 2000-talet var også prega av sviktande tru. Det siste verkeleg store funnet på norsk sokkel, Ormen Lange, vart påvist i 1997. Mange meinte tida for dei store funna var over, og selskapa byrja å miste interessa for å leite.
Administrerande direktør Jarand Rystad i analyseselskapet Rystad Energy hugsar godt denne perioden.
- Det var ein mastodont-filosofi, ei elefantsjuke, i bransjen. Det var berre dei store felta som var interessante, og oppfatninga var at det var ingen fleire slike å finne. I tillegg var det altfor lite aktiv leiting.
- Noko måtte gjerast om ein skulle oppretthalde aktiviteten, seier Rystad.
Attraktivitet og aktivitet
For å oppretthalde attraktiviteten til sokkelen iverksette norske myndigheiter fleire tiltak.
Først og fremst vart skattereglane endra, slik at selskap som ikkje hadde produksjon, fekk same skattefordel som selskap med produksjon. Dette var den såkalla leiterefusjonsordninga.
- Eit leiteselskap trong ikkje lenger produsere, men kunne bruke ressursane til å leite. Dette skapte eit mangfald som var veldig viktig, meiner Rystad.
For det andre fekk ein hyppigare og meir omfattande tildeling av leiteareal. Tildelingar i førehandsdefinerte område, den såkalla TFO-ordninga, blei innført i tillegg til dei ordinære konsesjonsrundane. Ordninga la til rette for meir effektiv utforsking av dei modne områda på sokkelen.
For det tredje gjekk myndigheitene aktivt inn for å utvide aktørbiletet. Før hadde ein vore mest opptatt av å halde på dei store norske og dei største internasjonale selskapa. Dette var aktørar som var inne i alle fasar på sokkelen, frå leiting og utbygging til drift og sal. No opna ein døra for små og mellomstore selskap, gjerne dei som var spesialistar på leiting.
Og medisinen virka. I løpet av få år gjorde så mange som 50-60 nye selskap sitt inntog på norsk sokkel.
Få papirutgåva
Ynskjer du å få tilsendt spesialutgåva av Dialog heilt gratis? Send ein e-post til dialog@havtil.no
Ikkje fritt fram
Tilsynsdirektør i Petroleumstilsynet (Ptil), Bjørn Thomas Bache, fortel om stort mangfald blant selskapa som kom.
- Dei kom frå ulike kulturar og hadde ulike ambisjonar. Nokre blei rettshavarar med mål om å bli operatør, andre hadde ein strategi om å vekse ved oppkjøp. Nokre fokuserte berre på leiting for deretter å selje.
Men felles for alle var at dei måtte respektere det norske sikkerheitsregimet.
- Regelverket var det same, anten selskapet var stort eller lite, seier Bache.
For å sikre kapasitet og kompetanse, innførte myndigheitene ei ordning med prekvalifisering som rettshavar eller operatør. Denne ordninga gjeld også i dag, og Ptil er med i vurderingane. For å drive petroleumsverksemd på sokkelen, må selskapa vise at dei kan bidra til auka verdiskaping og at dei har HMS-kompetanse som bidrar til å styrke sikkerheita.
- Eit selskap må dokumentere at det har kompetanse og kapasitet innanfor helse, miljø og sikkerheit - og at det har tilstrekkelege styringssystem og finansiell styrke. Selskapa skal også ha nødvendig kompetanse og organisasjon i Noreg, seier Bache.

Følgjer opp dei nye
Tilsynsdirektøren fortel at dei aller fleste selskapa har kome til landet med brei kompetanse. For Ptil har det likevel vore viktig med tett oppfølging av dei nye aktørane.
- Norsk olje og gass oppretta tidleg eit eige nettverk for dei små selskapa, og deira HMS-forum blei ein god arena for samhandling med Ptil. Dette har fungert godt og har vore nødvendig, spesielt i forhold til å spreie informasjon om det norske sikkerheitsregimet.
- Ptil gjennomfører til dømes alltid tilsyn når eit selskap skal ha si første leiteboring som operatør, fortel Bache.
Han er opptatt av at dei nye aktørane på sokkelen har tilført mykje positivt til næringa - også når det gjeld sikkerheit. Samstundes som han slår fast at den norske petroleumsverksemda ikkje har plass til gratispassasjerar.
- Regelverket stiller klare krav. Operatøren har det overordna ansvaret for at verksemda går føre seg på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjeldande regelverk. Men også rettshavarane har plikter og ansvar, slår han fast.
Eit selskap må dokumentere at det har kompetanse og kapasitet innanfor helse, miljø og sikkerheit - og at det har tilstrekkelege styringssystem og finansiell styrke. Selskapa skal også ha nødvendig kompetanse og organisasjon i Noreg.
Bjørn Thomas Bache, tilsynsdirektør i Ptil
Petroprenørar
Mange av dei små oljeselskapa fekk klengenamnet oljemyggar. Bache har ikkje spesielt sans for det namnet. Heller ikkje Jarand Rystad, som konsekvent kallar dei petroprenørar.
Han innrømmer likevel at dei minste selskapa hadde ein del fellestrekk med nettopp mygg.
- Dei kom i hopetal, og mange av dei store forsvann i kjølvatnet. Men dei var på langt nær så irriterande som mygg, og dei tilførte noko viktig, seier Rystad.
- Om ein ser på geologien på norsk sokkel, er det fleire spennande formasjonar enn det finst leitegeologar. Tidleg på 2000-talet trengte vi fleire hjernar til å undersøkje dei. Og det fekk vi.
Milepælar på 2000-talet:
2000: SUT-ordninga blir innført, obligatorisk frå 2004.
2001: Sikkerhetsforum blir etablert.
2004: Petroleumstilsynet (Ptil) blir etablert ved at sikkerheitsdelen av OD blir skilt ut som eigen etat. Ptil får myndigheitsansvar for verksemda på sokkelen og for petroleumsanlegg på land.
2004: Regelverksforum blir oppretta.
Svensk Sverdrup-suksess
Mange av selskapa som kom til norsk sokkel i denne perioden, forsvann ganske raskt - utan å ha lukkast. Andre klarte seg betre og blei verande.
Nokre få blei suksesshistorier. Rystad trekker fram Lundin Energy Norway, i dag på veg inn i Aker BP, som eitt av dei.
- Lundin er eit klart døme på at tiltaka som blei innførte av myndigheitene, virka. Selskapet var i sin tidlege fase heilt avhengig av leiterefusjonsordninga, seier Rystad om det svenskeigde selskapet.
I 2010 var det Lundin som bora og fann gigantfunnet Avaldsnes i Nordsjøen, det som seinare fekk namnet Johan Sverdrup.

Kva er dommen?
Så står det igjen å sjå kva ettermælet blir; kva denne dreiinga i norsk oljeforvaltning og det auka mangfaldet førte til på lengre sikt.
For Rystad er analysen ganske klar:
- Dei nye selskapa tilførte kreativitet, nytenking og auka aktivitet på sokkelen. Berre det i seg sjølv er nok til å seie at omlegginga var ein suksess.
- Dersom ein ser på verdiskaping aleine, syner også den overraskande gode resultat. Selskapa som trengde skatterefusjonen, har skapt like store verdiar som dei selskapa som alt var i skatteposisjon og dei som produserte.