Erfaringar og studiar viser at god styring av utbyggingsprosjekt i alle fasar bidreg til betre avgjerdsunderlag, betre tekniske leveransar, og dermed tryggleik og arbeidsmiljø i drift. Tilsvarande kan manglar i prosjektstyring føre til utilsikta negative HMS-effektar.
Stortingsmeldinga (Meld. St. 12 (2017–2018) Helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten) og rapporten frå Riksrevisjonen peika også på desse utfordringane, og området vart særleg trekt fram av Arbeids- og sosialdepartementet (AID) i tillegget til tildelingsbrev frå 2018.
I perioden 2019–2021 har Petroleumstilsynet (Ptil) derfor styrkt eigen kapasitet og kompetanse, styrkt oppfølginga av næringa, og utvikla eit betre risikobasert system for oppfølging av prosjekt - både i planleggings- og gjennomføringsfasen.
Endringar av rammevilkår som følgje av tiltakspakka som vart vedteken av Stortinget i 2020 gjer at prosjekt som det blir levert utbyggingsplanar for innan utgangen av 2022, vil få gunstigare skattemessige vilkår.
Det har ført til at det no er ei rekkje prosjekt som er under evaluering med mål om å levere plan for utbygging og drift (PUD) innan denne fristen. I tillegg til utbyggingsprosjekt, følgjer vi også opp prosjektstyringa i store modifikasjonsprosjekt og fjerningsprosjekt.
Informasjon og rettleiing
I 2018 og 2019 gjennomførte IKM Acona på oppdrag frå oss ei utgreiing om utbyggingsprosjekta på felta Goliat, Aasta Hansteen og Ivar Aasen. Utgreiinga inneheld mange gode lærepunkt både for oljeselskapa, leverandørane og myndigheitene, og har vore presentert i seminar og i bransjeforum.
Les meir: Utredning av feltutbyggingsprosjekter på norsk sokkel
I 2021 gjennomførte IKM Acona ein ny studie for Ptil, om indikatorar som kan brukast til å identifisere HMS-utfordringar for sikker oppstart og drift i utbyggingsprosjekt i petroleumsverksemda. Indikatorane kan brukast av både myndigheitene og aktørane sjølv for å kunne peike ut område innan eit prosjekt som krev ekstra oppfølging, eller som står fram som krevjande.
Les meir: HMS-utfordringer i utbyggingsprosjekter
Vi har også samarbeidd med Oljedirektoratet om erfaringsoverføring, informasjonsdeling og planlegging av felles aktivitetar. I første halvdel av 2022 har vi gjennomført eit seminar for næringa om prosjektstyring og PUD i samarbeid med Oljedirektoratet.
Tilsyn
Målsetnaden med tilsynet vårt er å følgje opp prosjektstyringa i selskapa, og dermed å bidra til at den ferdige innretninga er i samsvar med krava i regelverket når ho kjem i drift. Vi fører tilsyn i alle fasar av prosjektet, fram mot ferdigstilling. Informasjonen vi får i tilsyn før PUD er levert, blir også brukt i vurderinga vår av denne planen.
Vi har utarbeidd oversikter over prosjekt som er i planlegging og gjennom føring, og prioriterer oppfølginga vår ut frå ulike kriterium, blant anna indikatorane som er presenterte i prosjektrapporten frå IKM Acona.
Kvart år gjennomfører vi ei rekkje tilsyn med prosjektstyring innan ulike fagdisiplinar. I 2020 gjennomførte vi meir enn 20 slike tilsyn, i form av revisjonar og møteseriar.
I desse aktivitetane følgde vi opp tilrådingar og funn frå utgreiingar av feltutbyggingsprosjekt på norsk sokkel frå 2019. Dette har vi vidareført i 2021 der vi blant anna har ført tilsyn med prosjekta Johan Castberg og Balder Future.
I tillegg ferdigstilte vi i 2021 granskinga av situasjonen med ferdigstilling av skrog og utstyr på Johan Castberg, som vart starta hausten 2020.
To av revisjonane i 2021 gjaldt prosjekt før PUD. I 2022 har vi planlagt fleire slike revisjonar, for å vere førebudde til utbyggingsplanane som vi forventar vil bli leverte på slutten av året. I tillegg deltek vi saman med Oljedirektoratet som observatør i sentrale utvinningsløyve, der vi får løpande informasjon om pågåande prosjekt og oppfølginga frå rettshavarane.
Rettshavarar speler også ei viktig rolle i å leggje til rette for prosjektstyringa hos operatøren, og å sjå til at operatøren tek hand om ansvaret sitt. Ptil følgjer dette opp gjennom ulike verkemiddel i tilsynet vårt, både revisjonar, møte og lisensoppfølging.
Les meir: Krav til operatørar og rettshavarar
Rådgjeving
I 2021 vart det sett i gang ei ny uavhengig evaluering på initiativ frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) med bistand frå Ptil til gjennomføring og oppfølging. Studien inngår som eit førearbeid til neste stortingsmelding og undersøkjer korleis rettshavarane tek vare på sine plikter og ansvar knytt til reduksjon av storulykkesrisiko og arbeidsmiljø i komitestrukturar og i utvinningsløyvet samla.
Oppfølging av prosjekt er ein sentral del av arbeidet i mange av utvinningsløyva. Rapporten frå prosjektet var ferdig ferdig første kvartal 2022. Prosjektet hadde ei eiga referansegruppe med representantar frå Ptil og AID.
Effekt
Ptil har gjennom tilsyn med enkeltprosjekt bidrege til at aktørane får høgare medvit om eiga styring og oppfølging av prosjekt. I tillegg har revisjonane våre identifisert konkrete forhold som bør rettast opp, og som selskapa ikkje har vore merksame på sjølv.
Det at vi har granska ein konkret situasjon i eitt prosjekt, har bidrege til både merksemd og læring langt utover selskapet som vart granska.
Ptil har over tid satsa på å hente inn kunnskap og dele erfaringar om god prosjektstyring. Dette har bidrege til betre prosjektstyring i dei enkelte selskapa.
Denne artikkelen er henta frå Ptil sin årsrapport for 2021 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Heile årsrapporten kan du lesa her.