Pliktene gjeld for alle operatørar og rettshavarar, uavhengig av storleik.
Krav til operatørar
Operatøren er den som på vegne av rettshavarane står for den daglege leiinga av verksemda i eit utvinningsløyve. Operatøren har eit overordna ansvar for at verksemda går føre seg på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjeldande regelverk.
Rammeforskriften § 12 om organisasjon og kompetanse stiller følgjande krav:
"Operatøren skal ha en organisasjon i Norge som på selvstendig grunnlag er i stand til å sikre at petroleumsvirksomheten gjennomføres i tråd med regelverket".
Eigen kompetanse
Regelverket gjev operatørane stor fridom til korleis dei ønskjer å organisere verksemda si, for eksempel gjennom bruk av eksterne ressursar for å utføre aktivitetar.
Eit selskap er likevel ikkje kvalifisert til å ta vare på pliktene sine etter HMS-regelverket utan å sjølv ha personell med kompetanse på området.
Det betyr at operatøren må ha eigen kompetanse til mellom anna å kunne:
- Kvalifisere entreprenørar som utfører arbeid av betydning for helse, miljø og sikkerheit
- Definere oppdraget for desse entreprenørane
- Ta stilling til kvaliteten på produkta eller tenestene som entreprenørane leverer
- Ta avgjersler som er nødvendige for at verksemda som heilheit går føre forsvarleg
- Definere om, og på kva område det er behov for å gjennomføre verifikasjonsaktivitetar (oppfølging) i eigen organisasjon og hos entreprenørane
- Bestemme verifikasjonsgrunnlaget for den samla petroleumsverksemda
- Gjere ei samla vurdering av resultata frå dei gjennomførte verifikasjonane
- Leie og koordinere innsatsen av beredskapsressursane ved fare- og ulukkesituasjonar.
Forhold mellom operatør og eksterne leverandørar
Operatøren kan delegere enkelte oppgåver til eksterne leverandørar. Eit grunnleggjande krav er likevel at operatør må organisere seg på ein måte som ikkje reduserer evna til å oppfylla ansvaret sitt etter regelverket.
Merk også at:
- Operatør må sjølv ta avgjersler på strategisk nivå, for eksempel ved tredjeline beredskap og kommunikasjon av slike forhold til media.
- For ein del forhold på strategisk nivå vil myndigheitene ha behov for dialog og moglegheit for direkte og rask avklaring på ansvarleg nivå hos operatør.
- Krava til oppfølging av entreprenørar gjeld også for oppfølging av konsulentar og andre typar leverandørar.
- Operatøren skal halde tilsynsmyndigheitene orientert om utviklinga i aktivitetar, og om kva tiltak som er planlagt å sette i verk.
Påseplikt
Operatøren har ei særskild plikt til å påse at alle som utfører arbeid for seg, etterlever krava som er gitt i regelverket og driv forsvarleg verksemd. Denne "påseplikta" kjem i tillegg til den enkelte aktøren si plikt til å etterleve regelverket, og er ei generell og overordna oppfølgingsplikt.
Det skal gå fram av operatøren sitt styringssystem korleis "påseplikta" vert tatt vare på.
Påseplikta inneber at operatøren før og under kontraktsinngåing og ved gjennomføring av verksemda skal kontrollere at kontraktspartnarane er kompetente og kvalifiserte.
Operatøren skal vidare følge opp kontraktspartnarane og føre kontroll med at innretningar og utstyr som vert tatt i bruk og arbeid som vert utført, held forsvarleg standard.
Krav til rettshavarar
Rettshavarar skal følgje opp aktivitetane i utvinningsløyvet. Dette inneber å sjå til at:
- Operatør har eit fungerande styringssystem
- Operatør har ein organisasjon som er tilstrekkeleg kvalifisert og har tilstrekkeleg kapasitet
- Operatør tar hand om problemområde og andre forhold som myndigheitene har fokus på
- Sentrale søknader vert sendt til myndigheitene
Rettshavarane har vidare:
- Aksjonsplikt dersom rettshavar oppdagar at forhold ikkje er i samsvar med regelverket
- Sjølvstendig plikt til å sikra seg tilstrekkeleg informasjon
Rettshavar skal ha ei risikobasert tilnærming ved oppfyllinga av "påseplikta". Dette inneber at rettshavar etter forholda i konkrete tilfelle kan ha plikt til å gjennomføre revisjonar mot operatøren.
Rettshavar skal følgje opp operatøren på ein systematisk måte og ha eit styringssystem som viser korleis "påseplikta" vert tatt vare på.