Ptil har fått myndigheitsansvar for sikkerheit innanfor havvind på norsk sokkel. I ein serie artiklar ser vi nærare på kva vindkraft til havs er, kva det inneber av risiko og korleis den nye næringa kan regulerast. Artikkelen er henta frå tidsskriftet Dialog.

Ein moderne vindturbin roterer når farten på vinden i navhøgd er mellom 3 og 25 meter per sekund (m/s). Ytinga er normalt størst ved ein vindstyrke på cirka 13 m/s.

Vengene kan justerast for best mogleg utnytting av vindressursen, alt etter vindretning og kor mykje det bles.

Vindturbinane blir stadig større. Årsaka er enkel: Dess lengre venger og større rotorareal, dess meir energi kan rotoren fanga og dess meir straum kan ein produsera.

Les: Ptil får ansvar for havvind

Offshore vindkraft

Områder som er åpnet for søknader om fornybar energiproduksjon på norsk sokkel
Områder som er åpnet for søknader om fornybar energiproduksjon på norsk sokkel Foto: www.regjeringen.no

Til havs er vinden ofte sterkare og meir stabil enn på land.

Regjeringa har vedteke å opna to område på norsk sokkel for bygging av havvind: Utsira nord, som passar for flytande vindturbinar, og Sørlege Nordsjø II, som passar for både botnfaste og flytande turbinar.

På grunn av havdjupna er det størst potensial for havvind i Noreg i form av flytande havvind.

Botnfaste turbinar

Botnfast havvind kan i dag nyttast ned til 60 meters havdjup. Fram til no har det meste av havvind som er bygt ut eller som er under utbygging i verda, vore botnfast.

Det finst mange ulike fundament for botnfast havvind, som fagverk (jacket), sugeanker og gravity base-fundament (GBS). Val av løysing kjem an på kor djupt det er og korleis botnforholda er på staden der turbinane skal plasserast.

Flytande turbinar

Ved havdjup på meir enn 60 meter må det i dag brukast flytande fundament. Ulike teknologiar er under utvikling, som spar buoy (for eksempel Hywind Tampen), fundament som delvis kan senkast ned og løysingar med flytande strekkstagsforankring.

Felles for teknologiane er at fundamentet må gje stabilitet nok til å tola høge bølger, strømmingar og utfordrande vindforhold.

Les: Slik jobbar havvindbransjen med sikkerheit

Europa lengst framme

Figuren viser korleis utbygging av vindkraft til havs har skote fart i løpet av dei to siste tiåra. Europa har så langt vore heilt dominerande.

I verda totalt var det i 2019 ei samla installert effekt på 28 155 MW frå vindkraftanlegg til havs. Europa sin del av dette var på heile 21 831 MW.

Tala er henta frå det internasjonale byrået for fornybar energi (IRENA).

Kjelder: NVE, Statkraft, snl.no, Equinor, Ørsted, Irena, regjeringen.no