Vikingane snakka om umdǿmi. I dag seier vi omdøme. Men meininga er den same. Det handlar om den domen andre feller over deg; meiningane dei har om deg. Ditt ry, ditt gjetord, ditt renommé.

Spørsmålet er, har det noko å seie? For oss? For oljebransjen?

Ja, visst har det det.

Vi veit at næringa sitt omdøme opptar mange. Vi veit også at sikkerheit og arbeidsmiljø er – og må være - ein del av denne diskusjonen.

Omdøme er både aktuelt og viktig. Og det er temaet for denne utgåva av Dialog.

Her kan du lesa om kva omdømet betyr for næringa vår. Om kva som påverker omdømet, kva det har å seie for næringa si framtid - og kor viktig sikkerheit og arbeidsmiljø er i dette biletet.

Du får lese om kva myndigheitene, arbeidstakarane og arbeidsgjevarane meiner. Og du får høyre forskaren sine synspunkt og miljøforkjemparen sine forventningar.

Vi skal òg til havs, til ein helt annan bransje, og sjå korleis oppdrettsnæringa handterer sine utfordringar knytt til omdøme. Kanskje har vi noko å lære – av kvarandre?

Forsiden av Dialog