Nettverket under bølgjene
Utbygginga av undersjøiske røyrleidningar på norsk sokkel starta som ei direkte følgje av Ekofisk-funnet i 1969. For å kunne produsere i stor skala måtte olje og gass fraktast trygt og kontinuerleg til den europeiske marknaden, noko skipstransport åleine ikkje kunne løyse.
- Konstruksjonssikkerhet
På 1970-talet var LNG-teknologi lite utbygd og røyrleidningar var den einaste realistiske måten å eksportere naturgass i store volum og over lange avstandar.
Dei 10 oljeboda slo mellom anna fast at, for å utvikle norsk industri og kompetanse og skape norske arbeidsplassar, skulle all olje og gass frå norsk sokkel, som hovudregel, førast i land i Noreg.
Norskerenna - ei uoverstigeleg hindring?
Når det gjaldt Ekofisk, var Norskerenna eit hinder for dette. På den tida fans det ikkje teknologi som kunne legge røyr i den 100 kilometer breie og opptil 700 meter djupe renna utanfor kysten av Sør-Noreg. Olja blei difor ført i røyr til Teeside i Storbritannia og gassen til Emden i Tyskland, gjennom røyrledningssystemet Norpipe.
Samstundes sto den norske petroleumspolitikken, som la vekt på nasjonal kontroll og ilandføring til norske landanlegg, fast. Det førte til bygging av prosessanlegg som Kårstø, Kollsnes, Mongstad, Sture og Nyhamna.
I 1985 åpna Statpipe, som vart den første rørledninga som førte gass til land i Norge. Statpipe gjekk frå Statfjord-feltet til Kårstø i Rogaland.
Det ein trudde var ei uoverstigeleg hindring i Norskerenna var no kryssa for fyrste gong.
Integrert system
Tanken bak røyrleidningane var at det skulle gå inn i eit integrert system, frå enkeltleidningar til eit samanhengande nettverk, der fleire felt kunne bruke same infrastruktur. Utover på 90-tallet utvikla systemet seg til nettopp dette, og Statpipe består i dag av til saman fire røyrleidningar som fraktar gass frå Statfjord og Gullfaks, via prosessanlegget på Kårstø, vidare til Draupner S-plattormen i den sørlige delen av Nordsjøen, og til slutt gjennom Norpipe til Emden.
Draupner er eit knutepunkt i røyrleidningsnettet og har som funksjon å blande salgsgass frå ulike kjelder og eksportere den til marknaden i Europa.
Nettverk
Gjennom snart 50 år har eit nett av røyrleidningar vakse fram og utgjer i dag eit samanhengande nettverk som eksporterer olje og gass frå meir enn 90 felt. Nettet av røyr har kravd avansert ingeniørkunst og går over lange avstandar og på store havdjup heilt ned til 1300 meter.
Havtil har tilsynsansvar for over 18 000 kilometer av dette nettet for transport av naturgass, olje og kondensat.
Podkast: "Oljehistorien - sånn omtrent"
Vil du høyre meir om korleis dette omfattande nettverket vart til, kva slutningar som låg bak, og korleis det i praksis fungerer? Høyr på dei fyrste to episodane i sesong 3 av vår podkast-serie "Oljehistorien – sånn omtrent" her, eller der du høyrer podkast til vanleg.
Fleire episodar