Hopp til hovedinnhold
Til Fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Grensene i havet

Noreg var tidleg ute med å sikre grunnlaget for ein stabil sokkelforvaltning. Allereie i 1965 blei det underskreve sokkelavtalar med både Storbritannia og Danmark. Desse avtalane bygde på midtlinjeprinsippet og var på plass før dei store funna som Ekofisk (1969) og Statfjord (1974). At grensene vart avklart tidleg, gav Noreg eit stort fortrinn då oljealderen verkeleg tok til.

  • Internasjonalt samarbeid

Folkeretten

Folkeretten slår fast at maritime grenser først og framst skal løysast gjennom bilaterale forhandlingar mellom dei aktuelle statane. Målet er å kome fram til ei grense som begge partar oppfattar som legitim. I slike forhandlingar blir det ofte nytta to hovudprinsipp: 

  1. Midtlinjeprinsippet: Dette inneber at grensa blir trekt slik at kvar punkt på linja ligg like langt frå begge statar sine kystlinjer. Prinsippet eignar seg godt når kystgeografien er symmetrisk.

  2. Rettferdsprinsippet: Når midtlinja gjev eit urimeleg resultat – til dømes på grunn av konkave kystlinjer, øyar eller andre spesielle forhold – kan grensa justerast. Dette prinsippet vart styrkt med Havrettskonvensjonen av 1982 (UNCLOS), som slo fast at den endelege grensa skal vere "rettferdig", ikkje nødvendigvis matematisk symmetrisk.

Dersom to statar ikkje klarer å kome til semje gjennom forhandlingar, kan saken bringast inn for Den internasjonale domstolen (ICJ) eller Havrettsdomstolen (ITLOS).

Konfliktar i Nordsjøen

I Nordsjøen oppstod det fleire konfliktar på slutten av 1960- og starten av 1970-talet. Desse handla om både rettigheiter og avgrensingar.  

Den mest kjende er Nordsjø-sokkelsakene frå 1969 mellom Tyskland, Danmark og Nederland.

Tyskland hevda at midtlinjeprinsippet ville gi landet ein skeiv og altfor liten del av sokkelen på grunn av landet si konkave kystlinje mot Nordsjøen.

Danmark og Nederland meinte derimot at midtlinjeprinsippet frå 1958-konvensjonen skulle gjelde. 

Den internasjonale domstolen (ICJ) kom då fram til at midtlinje ikkje var ein bindande sedvane, og at rettferdsprinsippet  måtte liggje til grunn. Domstolen justerte altså ikkje sjølve grensa, men gav klare føringar for korleis statane skulle nå fram til ei rettferdig avgrensing.  

Dommen fekk stor innverknad på vidare avgrensingar i Nordsjøen og la grunnlaget for moderne praksis i havretten.

Ein annan type potensiell konflikt i Nordsjøen var knytt til felles olje- og gassreservoar som kryssar statsgrenser.

Petroleumsforekomstar følgjer naturlege geologiske strukturar og ikkje politiske grenser, og for eksempel  Statfjord- og Friggfeltet ligg på kvar si side av den norsk-britisk grensa.

Når eit reservoar strekkjer seg utover ei politisk grense, kan produksjon på éi side påverke ressursmengda på den andre. For å hindre slik "drenering" måtte Noreg og Storbritannia inngå ein såkalla unitiseringsavtale, der ein blei einige om delt drift og fordelingsnøklar basert på reservoaret si faktiske utstrekning. 

Unitiseringsavtale

Ein juridisk og teknisk avtale der to eller fleire statar vert samde om felles forvaltning av ein petroleum- eller gassførekomst som strekkjer seg over ei internasjonal delelinje på kontinentalsokkelen. 

Noreg sine avtalar 

Noreg sine avtalar har stort sett blitt løyste gjennom slike bilaterale forhandlingar med kombinasjonar av midtlinje, justeringar for spesielle omstende og historisk bruk.

Den mest krevjande avtalen var delelinjeavtalen med Russland i 2010. I fleire tiår hevda begge land rett til eit stort område i Barentshavet. Etter langvarige forhandlingar kom partane fram til ei løysing der området vart delt likt mellom statane. 

Eit anna døme er saka mellom Grønland (Danmark) og Jan Mayen (Norge) i 1993, der ICJ justerte midtlinja for å skape ei balansert løysing basert på kystforhold, ressursar og brukshistorikk.

Avtalar om grensene i havet handlar både om jus, geologi og geopolitikk. Nordsjøen viser korleis store verdiar og komplekse kystlinjer kan skape konflikt, men òg korleis land kan finne løysingar gjennom forhandlingar og folkerettslege prinsipp.

Noreg har i hovudsak løyst sine avgrensingar gjennom tidleg diplomati, og gjennom å leggje stor vekt på internasjonal rett.  

Vil du høyre meir om dette, høyr episoden: «Oljefelt på grensen» frå vår podkast Oljehistorien – sånn omtrent.  

Fleire episodar

Bilde

"Oljehistorien - sånn omtrent"