Hopp til hovedinnhold
Til Tema og fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Ansvar for omstilling

Foto av Ståle Kyllingstad, Foto: Tommy Ellingsen
For IKM-gründer og styreleiar i Norsk Industri, Ståle Kyllingstad, handlar framtida om å ha fleire tankar i hovudet. Det er han ganske van med frå før.

- Vi kjem til å utvinne olje og gass i heile dette hundreåret, det er eg sikker på. Men det å ha 12 000 milliardar på bok på grunn av utvinning av hydrokarbonar, må få ein konsekvens. Difor har vi i Norge eit spesielt ansvar, seier Ståle Kyllingstad. 

Konsernsjefen og styreleiaren får raskt opp ordfrekvensen når han blir beden om å spå framtida til petroleumsnæringa. Han har ikkje tru på noko brå nedgang i utvinning av olje og gass, snarare tvert om:
 
- Vi har i dag 93 felt i produksjon på norsk sokkel, og eg tippar vi kjem opp i 110, kanskje 115, før det snur. 
 
Kyllingstad meiner vidare vekst er ei rett utvikling, og vil ikkje vere med på at han ikkje tek miljøutfordringane og FN sin kode rød på alvor. 

- Det er så mange fakta som forsvinn i debatten, påpeiker han, og trekker fram den nye gassrøyrleidninga Baltic Pipe, som skal forsyne Polen med gass frå norsk sokkel.  

Kyllingstad seier denne leidninga vil føre til at Polen reduserer utsleppa sine med 50 millionar tonn CO2 i året - meir enn det totale CO2-utsleppet i Norge.
 
- Dette høyrer vi lite om, og det er synd. 

Blikk på ein bransje i endring

Korleis ser framtida ut for olje- og gassbransjen? Skal vi avvikle eller utvikle? Og kva skal vi i tilfelle utvikle?

I en serie artiklar får du innsikt i nokre av krava og forventningane som blir stilt til den største og mest lønsame næringa i Noreg. Signala kjem frå ulikt hald: Frå klimasida, frå kapitalforvaltaren, frå arbeidstakaren, frå leverandøren og frå politikaren sitt perspektiv.

Tar ansvar 

Kyllingstad beskriv ein bransje som jobbar knallhardt for å redusere karbonavtrykket sitt.  

- Vi må ta vårt ansvar, og vi må hjelpe resten av verden. 
 
Difor er han nøgd med regjeringa si Hurdalsplattform, og synest dei legg opp til ein fornuftig politikk med strengare miljøkrav og ei gradvis auke i CO2-avgifta. 

- Auka CO2-avgift er eit godt og nødvendig grep. Det vil tvinge industrien til å kome med løysningar som reduserer utsleppa. 

Trur på fangst  

Utviklinga han ser no, gjer han optimistisk. Han peikar først og fremst på havvind og fangst og lagring av CO2 som område der ein er komen langt, og som han har mest tru på. 
 
- CO2-fangst og -lagring er det viktig å kome i gang med i Norge. Det kan bli ein stor del av løysinga på eit globalt problem, meiner Kyllingstad.
  
Han peikar på at vi har infrastrukturen på plass og ein betydeleg kompetanse frå olje- og gassnæringa som gjer at det kan bli lønnsamt, sysselsette mange og være eit svært viktig miljøbidrag. 

Ptil må med 

- Vi må òg bruke mykje tid, ressursar og pengar på utviklinga av havvind. Det er mykje hente der både økonomisk og miljømessig, seier Kyllingstad, som spår at dette vil bli ein betydeleg industri i Norge. 

Han trur på mange ulike aktørar og løysningar på framtidas sokkel. Han registrerer at dei store, tradisjonelle oljeselskapa er på veg ut, medan ei mengd nye energiselskap er på veg inn.  

- Dette er spanande, men no er det viktigare enn nokon gong at vi har eit felles regelverk å halde oss til.  

- Regelverket er basisen, det må på plass. Ptil har gjort ein god jobb med å organisere sokkelen og legge premissane for sikkerheit. Det må de forsetje med. Vi som industri kan ikkje halde oss til fleire tilsyn. 

- Ptil får heller bytte namn til Energitilsynet eller noko i den dur, poengterer han. 

Ptil har gjort ein god jobb med å organisere sokkelen og legge premissene for sikkerheit. Det må de fortsetje med. Vi som industri kan ikkje halde oss til fleire tilsyn, meiner Ståle Kyllingstad.

Leverandørar i endring 

Når det gjeld hans eige konsern, IKM, er sjefen rimeleg nøgd. Han ser at leverandørindustrien er i ei brytningstid, men er optimist. 

- Oljeindustrien vil bli gradvis bygd ned, før han vil blomstre opp att når vi kjem skikkeleg i gang med havvind og karbonfangst og -lagring. Men vi er i omstilling, og det vil bli mindre aktivitet i ein periode framover. 

Han trur ein situasjon med omstilling, nye aktørar og avvikling vil slå positivt ut for selskap som hans eige. Kyllingstad har lita tru på at spesielle område vil bli ekstra lønnsame, men han trur det å kunne tilby bredde i tenestetilbodet, vil være gunstig. 

Grøn vekst 

Om energiframtida har Kyllingstad ingen problem med å spå. 

- Verda brukar i dag om lag 99 millionar fat olje om dagen. Om 20 år er vi nede i 40.  

- Vi blir i dag og i framtida målt på punktutslepp. Endring vil tvinge seg fram av forbrukarane i samarbeid med politikarar og bransjen.
  
- Så vil vi heilt klart sjå at nye, grøne energiformer blomstrar og er i stor vekst, seier han.  

- Og eg trur kjernekraftverk vil få sin renessanse i land som Sverige og Frankrike.  

Tidsskriftet Dialog

Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet. 

Klikk her for å se alle utgaver av Dialog