Hopp til hovedinnhold
Til Tema og fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Å balansere seg inn i framtida

Foto av Refvik Foto: Jonas Haarr Friestad
Når isen smeltar og temperaturen stig, er det utfordrande å være stolt oljearbeidar. For Stig-Rune Refvik i fagforbundet Safe handlar framtida om balanse.

På kontoret sitt i Safe-huset i Stavanger ristar Florø-mannen Stig-Rune Refvik på hovudet over eigne svar. Det blir for rundt og lite bastant. Han kunne tenkt seg å være tydeleg og kategorisk i sine framtidsspådommar. Men til det står for mykje på spel, det er for mykje som må balanserast.

Forbundssekretæren snakkar om den paradoksale statusen for bransjen han er vald som tillitsmann for, om ei røynd med høg oljepris, høg gasspris, stor aktivitet, men også kode rød frå FN sin generalsekretær.

- Vi klarar fint å produsere olje og gass som dekker den stadig aukande etterspurnaden, men om ikkje klimaperspektivet er tatt vare på, så er det liksom ikkje noko poeng, seier Refvik.

Blikk på ein bransje i endring

Korleis ser framtida ut for olje- og gassbransjen? Skal vi avvikle eller utvikle? Og kva skal vi i tilfelle utvikle?

I en serie artiklar får du innsikt i nokre av krava og forventningane som blir stilt til den største og mest lønsame næringa i Noreg. Signala kjem frå ulikt hald: Frå klimasida, frå kapitalforvaltaren, frå arbeidstakaren, frå leverandøren og frå politikaren sitt perspektiv.

Med atterhald

Han framtidsoptimist med atterhald, og ser mykje som må på plass om han skal kunne lene seg attende i kontorstolen og gi tommelen opp for energisektoren si framtid.

Det eine er denne balansen mellom å utvinne hydrokarbonar og likevel være berekraftig. Noko anna er korleis ein skal arbeide saman for å finne løysingane på framtidas utfordringar.

- Me har fleire trepartsarenaer allereie, der det går føre seg gode og konstruktive samtalar innanfor mange aspekt og område. Og det er vel og bra. Men me har ein god del å gå på, seier han.

Refvik listar opp ei rekke ting som må være på plass slik han ser det. Fleire arenaer, rom for å lytte til alle sitt syn, rausheit.

- Og det må være faktabasert. Vi treng å lytte til fagfolk. Det er kjernen.

Vi klarar fint å produsere olje og gass som dekker den stadig aukande etterspurnaden, men om ikkje klimaperspektivet er tatt vare på, så er det liksom ikkje noko poeng.

Framtid i bransjen

Forbundssekretæren peikar òg på mykje positivt. Han er heilt sikker på at nøkkelen til framtidas energiløysingar er å finne i kompetansen i olje- og gassbransjen.

Difor nøler han heller ikkje med å anbefale ungdommen å satse på ei karriere i denne næringa.

- Ei utdanning og erfaring frå dagens olje- og gassbransje vil gjere deg til ein stolt energiarbeidar i framtida, slår Refvik fast.

Kva som må gjerast, konkret

Men kva må til for at jobbane i oljebransjen skal vere trygge, samstundes som ein maktar å oppretthalde den omtalte balansen? Refvik meiner høg aktivitet på sokkelen er ein føresetnad for å «redde verden».

- Vi må få på plass karbonfangst. Miljøgevinsten er så stor at det er ein føresetnad. Så må vi tenke sol, havvind og andre energiformer. Men i dette biletet treng vi ein kapitalbase, og difor må utvinninga av olje og gass fortsette.

- Eg blir frustrert over den offentlege debatten om berekraft. Ein snakkar nesten berre om fossilt brensel og utsleppskutt her heime. Og det er viktig, det. Vi må gjere grep på det området. Men vi må kunne snakke om India og Kina utan at vi blir stempla som ansvarslause. Det er klart vi skal gjere vårt, men klimaet er eit kollektivt, universelt ansvar, seier Refvik, som også legg vekt på tydinga av økonomiske musklar til å utvikle ny teknologi.

- Det handlar mellom anna om å kunne subsidiere Sintef og NTNU, slik at dei kan forske på karbonfangst og nye energiformer. Me har alle moglegheiter til å være i førarsetet på ny teknologi.

Han er difor nøgd med at den nye regjeringa i Hurdalsplattforma legg opp til utvikling, ikkje avvikling av olje- og gassektoren.

Ei utdanning og erfaring frå dagens olje- og gassbransje vil gjere deg til ein stolt energiarbeidar i framtida.

HMS i blodet

Refvik har jobba med HMS i mange år og på ulike arenaer, og sikkerheitsperspektivet er heile tida til stades - ikkje minst når han snakkar om framtida og nye aktørar som skal etablere seg på sokkelen.

Han er tydeleg på at det ikkje berre er på klimasida det trengs gode rammevilkår frå politisk hald.

- At sikkerheitsnivået blir ivaretatt på sokkelen, uavhengig av aktivitet, er heilt avgjerande. Det må snakkast samen, og det må lyttast til opinionen. Vi må være synkronisert med resten av samfunnet. Og i denne røynda spelar Ptil med sin kompetanse ei viktig rolle. Det er delte meiningar om kva energiformer det skal satsast på, men la Ptil holde handa på sikkerheitsrattet, oppfordrar Refvik.

Det er delte meiningar om kva energiformer det skal satsast på, men la Ptil holde handa på sikkerheitsrattet.

Faktabasert framtid

- Om vi får det som vi vil, så vil dette gå bra, seier Refvik og smiler av eiga utsegn.

- La oss fortsette å produsere olje og gass, så er vi rusta til å gjere teknologiløfta som må gjerast. Då vil verda bli grønare. Og så må vi få karbonfangst på plass snarast. Og må vi som jobbar i bransjen, må få eit viktig ord med i laget når nye energiformer skal utviklast og introduserast.

Då legg vi til rette for eit nytt industrieventyr i Nordsjøen, og kan gå ei god framtid i møte, ifylgje Refvik.

- Ja, og så treng vi fleire fagfolk på forsidene. Vi må lytte, lese og bli begeistra over alt som skjer og skal skje i denne bransjen.

Tidsskriftet Dialog

Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet. 

Klikk her for å se alle utgaver av Dialog