Sjukehus på langtur

Petroleumsverksemda strekk seg stadig nordover, og med det lengre bort frå sivilisasjon og sjukehus. Men store avstandar treng ikkje bety at du er langt frå redning.
- Beredskap
Dei lange avstandane i Barentshavet er utfordrande med tanke på medisinsk evakuering. I Barentshavet søraust, som vart opna for petroleumsverksemd i 2013, må ein til dømes rekna ei flytid på nærare to timar kvar veg til blokkene som ligg lengst ute. Dette stiller store krav til beredskapsplanane.
Torkjel Tveita, professor og overlege ved intensivavdelinga på Universitetssjukehuset i Tromsø, er godt kjent med utfordringane i samband med lange avstandar.
- Noko av det mest spesielle ved helseregionen her nord, er nettopp dei lange transportstrekningane. Det har vi løyst ved å etablera ein metode kor vi startar behandling heime hos pasienten - for ikkje å mista verdifull tid under transport, fortel Tveita.
Han gir eit eksempel: Ein person som bur langt unna næraste sjukehus, får sterke brystsmerter. Personale med spesialopplæring flyg då ut til pasienten, tek EKG og sender dette tilbake til sjukehuset, som stiller diagnose. Dersom det viser seg at pasienten har akutt hjarteinfarkt, kan personalet starta behandlinga for å opna ei tett blodåre med det same. Viktig tid er spart.

Torkjel Tveita, professor og overlege ved intensivavdelinga på Universitetssjukehuset i Tromsø.
Hypotermi
Tveita har forska mykje på området ufrivillig nedkjøling (hypotermi). Også her er det gjort vellukka forsøk med å bringa sjukehuset ut til pasienten.
- Når pasientar vert så nedkjølte at dei får hjartestans, må dei varmast opp med ein hjarte-lungemaskin. Tidlegare måtte dette gjerast på sjukehuset, men no er det utvikla mindre modellar av maskinen - i transportabel storleik.
- Sjå for deg ein situasjon kor ein person fell i sjøen og vert så nedkjølt at hjarta stansar. Med helikopteret halvannan time unna, kan den totale flytida bety at det er urealistisk å redda pasienten, forklarar han.
- Dersom vi har ein transportabel hjarte-lunge-maskin i helikopteret og, ikkje minst, har med kvalifisert personell som kan kopla pasienten til maskinen, då har vi ikkje berre tatt med litt av sjukehuset til pasienten, vi har tatt med halve intensivavdelinga.
Telemedisin
I følgje petroleumsnæringa sine eigne retningsliner skal det ikkje gå meir enn tre timar frå ein skade er varsla til pasienten er framme på sjukehus. I område med store avstandar, som i Barentshavet søraust, er ikkje dette mogleg å gjennomføra. Alternative løysingar som er lansert, er auka medisinsk beredskap og bruk av telemedisin.
Tveita er einig i at bruk av telemedisin bidreg til å betra den akuttmedisinske innsatsen ute på ei offshoreinnretning. Likevel, dersom det er snakk om ein livstrugande skadd pasient som treng lang transport, trengs det ein heilt annan kompetanse.
- Telemedisin er vel og bra for å stilla diagnosar. Men det er viktig å vita kva avgrensingane er. For å kunna starta avansert medisinsk behandling, trengs det medisinsk kompetanse og utstyr i begge endar av telefonleidningen, påpeikar han.
- Kanskje må ein òg tenka i retning av skjerpa helsekrav for dei som skal jobba langt frå land i Barentshavet, spør professoren.
Supermann
Roy Erling Furre er andre nestleiar i arbeidstakarorganisasjonen Safe. Han meiner at ein må få på plass så gode system at det ikkje blir naudsynt å fremma auka helsekrav.
- Eg vil først sjå kva som er mogleg å få til med forbetringar i beredskapen, slik at ein ikkje må vera Supermann for å få reisa offshore. Hugs at dette er snakk om vanlege arbeidsfolk.
Han er likevel einig i at det medisinske personalet på innretningane må ha ekstra kompetanse.
- Sjølv om næringa i første omgang skal operera i områda som ligg nær land, er Barentshavet mindre føreseieleg enn andre stader – med tanke på veret. Kanskje får ein ikkje helikopteret i lufta, eller ein må venta ute på innretninga til ein polar storm har løya. Då er det svært viktig at sjukepleiaren eller legen om bord har god nok kompetanse.

Roy Erling Furre, SAFE
Regelverk
Furre meiner at regelverket knytt til medisinsk beredskap ikkje er klart nok i forhold til nordområda.
- Regelverket vi har i dag, er stort sett laga for aktiviteten i dei etablerte områda på sokkelen, der vi kjenner utfordringane godt. Eg ser ikkje bort frå at det må utarbeidast nye krav etter kvart, seier han.
Det er helsetilsynet, ved Fylkesmannen i Rogaland, som er ansvarleg for tilsyn med medisinsk beredskap på norsk sokkel. Fylkeslege Pål Iden viser til at det i følgje HMS-regelverket er operatøren sitt ansvar å sikra tilgang til forsvarlege helsetenester for alle om bord på ei innretning, uavhengig av kor på sokkelen innretninga ligg.
- Det er næringa sjølv som må gjera risikovurderingar og definera akseptgrensene. Vi som myndigheit vil føra tilsyn med at dei møter krava til forsvarleg verksemd, seier han.
- Regelverksutviklinga i Noreg skjer gjennom trepartssamarbeid, så myndigheitene vil uansett vera i tett dialog med arbeidstakar- og arbeidsgivarsida om løysingane, påpeiker Iden.
Torkjel Tveita er ikkje i tvil om kva som er det viktigaste ved medisinsk beredskap.
- Som i alle andre delar av medisinen handlar det mest om førebygging. Det er og blir det viktigaste, understrekar han.
Tidsskriftet Dialog
Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet.