Mannen som måtte snakka sant

Hausten 2014 retta heile Noreg blikket mot Rauma i Romsdalen, der ein liten del av fjellpartiet Mannen stod i fare for å rasa ut. Men sjølv om raset ikkje kom, er sjefgeolog Lars Harald Blikra klar på at det var rett å varsla om risikoen.
- Risikostyring
Fjellområdet der Mannen ligg, er eitt av fire høgrisikoområde i Noreg under kontinuerleg overvaking. På haustparten i fjor hadde geologane målt så store bevegelsar at det var nærliggande å tru at eit parti ville rasa ut. Den 22. oktober 2014 blei 11 bebuarar på dei næraste gardsbruka evakuerte frå heimane sine. All togtrafikk på Raumabanen blei samstundes stansa.
I den påfølgjande veka var Mannen den største snakkisen her i landet. Kva tid kom raset? Hordar av journalistar kom til, live-kamera blei sette opp - og det norske folket fylgde spent med. Raset var nært føreståande, i alle fall om ein skulle tru sjefgeolog Lars Harald Blikra. Han kom med daglege analysar, prognoser og vurderingar om akselerasjonsfasar.
Samstundes fortsette regnet, sivilforsvaret mobiliserte, justis- og beredskapsminister Anders Anundsen vitja dei evakuerte - og pressefolka stod klare for å formidla siste nytt. Alle venta på Mannen.
Den spente situasjonen nådde toppen 28. oktober. Med hastigheiter i fjellet på opptil sju centimeter i døgnet, og meir nedbør i vente, var prognosane såpass eintydige at sjefgeologen spådde at raset ville komma i løpet av dagen eller natta.
Men så tok regnet slutt. Frosten beit seg fast i fjellmassane, Mannen stabiliserte seg. Det kom ikkje noko ras.
Dramaet var over. Journalistane plukka med seg kamerautstyret og drog frå bygda. Den 3. desember 2014 var fjellet stabilt nok til at alle dei evakuerte fekk flytta heim igjen.

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE. (Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix)
Sjå video
Ærleg talt
Korleis opplevde Blikra å stå på TV og lova folk eit ras som ikkje kom? Tok fagfolka for hardt i då dei varsla om faren som truga?
Sjefgeologen i Åknes/Tafjord Beredskap, som no ein del av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), blei rikskjend over natta – men tek oppstyret rundt Mannen med stor ro.
- I etterkant tenker eg ikkje så mykje på det, for det er no berre sånn det blei, seier han.
- Sjølve situasjonen var grei. Folk vart evakuerte, og vår oppgåve var å formidla kva som skjedde med fjellet. Kriseleiinga, som bestod av kommunen, politiet og oss, var einige om at me skulle vera ærlege om prognosane. Me kunne ikkje gjera anna enn å forholda oss til kunnskapen me hadde, understrekar han.
Blikra legg vekt på at det å skapa tillit i befolkninga er ein viktig del av formidlinga, særleg med tanke på dei evakuerte. Derfor var det viktig å vera tilgjengeleg og tydeleg også i media.
- Det blei jo litt valdsamt og sensasjonsprega med det store presseoppbodet, og mot slutten kjente me litt på presset om å skulla tidfesta raset. Men samstundes synes eg me klarte å halda igjen og fokusera på den kunnskapen me hadde.
- Sjølvsagt ønska me at raset skulle komma, særleg for dei evakuerte sin del. Då hadde me vore ferdige med saka. Alle håpa jo på det, så me oppfatta det ikkje som ein god situasjon at fjellet stabiliserte seg.

Mannen var den store snakkisen i Noreg hausten 2014 – med eit enormt medieoppbod og direktesendt neglebiting. Her orienterer ordførar Lars Olav Hustad i Rauma kommune (t.v.) justis- og beredskapsminister Anders Anundsen om situasjonen. (Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix)
Føre var
Blikra forstår at saka fekk stor merksemd, fordi det er første gongen eit ras har blitt varsla på denne måten. Å følgja eit skred direkte, var ein nyheit i seg sjølv. Det at folk blei evakuerte, illustrerte kor alvorleg situasjonen var.
Geologen er tydeleg på at det var naudsynt å varsla.
- Sjølv om det er mykje som er usikkert, er føre var-prinsippet essensielt. Det er ikkje alltid det går slik som ein trur, men me har ikkje råd til å venta og sjå. Konsekvensane kan bli for store.
- Samstundes må varslingar sjølvsagt vera mest mogeleg realistiske. Me kan ikkje varsla i tide og utide; prognosane må vera baserte på kunnskap. Skal me gje klare råd til samfunnet og politiet om faresituasjonar, kan ikkje usikkerheit overskygga alt. Det må vera såpass konkret at det blir mogeleg å ta eit val.
Ny runde med Mannen
Den siste veka i oktober 2014 var det daglege pressekonferansar. Og alle ville ha ein bit av sjefgeolog Blikra.
Det vart lange dagar med lite kvile. Heile det geologiske teamet som gjekk i fortløpande vakt, vart sett under sterkt press. Dette er noko dei tar lærdom av til neste gong, med meir organisering av vaktordningar og mediehandtering.
For ein ny runde blir det - éin eller annan gong. Blikra held fast på at Mannen ikkje blir ståande til evig tid. Men når, og kor mykje av fjellpartiet som vil rasa, er vanskelegare å spå.
- Med kunnskapen me sit med no, er det sannsynlig at me får ein ny periode med bevegelsar. Men så kan det også vera slik at det går fleire år med denne type syklusar før fjellet er så svakt at det rasar.
- Det er altså ikkje sikkert raset kjem dette året heller, smiler han lurt.
- Her har me dette med usikkerheit igjen. Me veit ikkje korleis fjellet ser ut innvendig; kor svakt det er og kor mykje som skal til før det rasar. Det einaste me kan forholda oss til no, er kunnskapen frå målingane. Førebels kan me ikkje gjera så mykje meir enn å venta.
- Dersom analysane viser akselerasjon igjen, med like store hastigheiter som sist, har me ikkje noko anna val enn å varsla politiet og kommunen, som er ansvarleg for evakuering.
Andre løysingar
Sprenging og vassbombing var på lista over mogelege løysingar då det knaka som verst i Mannen i fjor haust. Så kvifor kan ein ikkje berre sprenga vekk problemområdet - og bli ferdig med saka?
- Slike menneskeskapte løysingar kan føra til endå større usikkerheit, påpeiker Blikra.
- Det er ikkje sikkert det ville hatt den venta effekten. Fjellet kunne tvert imot ha rasa ut som eit større skred – og påført meir alvorlege skadar.
Det var nemleg ein liten del av Mannen som kom i bevegelse hausten 2014. Berre om lag 120 000 kubikkmeter, medan heile den ustabile fjellformasjonen er på mellom 15 og 20 millionar kubikkmeter. Rasar alt dette, kan det gjera langt større skade.
Mannen er difor blant dei fire høgrisikoområda i Noreg som vert døgnkontinuerleg overvaka. Dei tre andre er Åkneset og Hegguraksla i Møre og Romsdal og Nordnesfjellet i Troms.
For å sikra stabil og kontinuerleg overvaking i desse områda, vert det brukt fleire uavhengige overvakingssystem, mellom anna GPS, bakkebasert radar, strekkstag, laser, geofonar og vinkelmålarar. I djupe borehol vert det målt bevegelsar, vassnivå og temperatur. Slik er geologane i stand til å registrera endringar i bevegelsar i fjellsidene, og kan varsla eit ras i tide.

Rauma, 29. oktober 2014: Temperaturen i fjellet har sunke, og i løpet av natta har snøen lagt seg på toppen av Mannen. Fjellet har stabilisert seg. Inntil vidare. (Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix)
Fjellskred i Noreg
Fjellskred er nedfall av store fjellvolum. Dei største førhistoriske fjellskreda i Noreg var på fleire hundre millionar kubikkmeter. Tjellefonna i Romsdalsfjorden i 1756 er det største historiske fjellskredet i Noreg, med eit volum på 15 millionar kubikkmeter. Tafjordskredet i 1934 var på tre millionar kubikkmeter.
Fjellskred er sjeldne, med om lag to til tre store fjellskredulykker kvart hundreår i Noreg. Nordvestlandet har vore hardast ramma, med to store skred i Loen, i 1905 og i 1936, og eitt i Tafjord i 1934. Totalt omkom 175 menneske i desse skreda.
Karakteristisk for risikoen knytt til framtidige fjellskred er låge sannsyn, men med fare for svært omfattande skader som følgje av usedvanlege skredlengder og langtrekkande flodbølgjer. Med utbygging av tettstader og anna infrastruktur langs fjordane, og eit veksande reiseliv, er samfunnet blitt gradvis meir sårbart for skred og tilhøyrande flodbølgjer.
Erfaringane frå Noreg og andre fjellområde viser at dei store fjellskreda nesten alltid varslar seg sjølv. Dette skjer ved langvarige, sakte bevegelsar i fjellsidene forut for skreda. Desse erfaringane dannar grunnlaget for beredskap mot slike skred.
Kjelde: Åknes/Tafjord Beredskap IKS
Tidsskriftet Dialog
Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet.