Hopp til hovedinnhold
Til Tema og fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Luftig perspektiv på risiko

Foto av Kjeragbolten Foto: Roy Mangersnes/Samfoto
Norsk olje og gass dreg høgt til fjells når dei skal forklara kvifor det er viktig å tenka nytt om risiko.

Norsk olje og gass dreg høgt til fjells når dei skal forklara kvifor det er viktig å tenka nytt om risiko.

  • Risikostyring

Eg har alltid hatt lyst til å stå på Kjeragbolten. Det må vera ein fantastisk følelse. Eit kick!

Høgt over havet, inst i Lysefjorden i Rogaland, står hovudpersonen i Norsk olje og gass sin risikofilm framfor eit vanskeleg val: Skal han stiga ut på Kjeragbolten - ei fem kubikkmeter stor fjellblokk, kilt fast i ei trong kløft 1000 meter over fjorden? Eller skal han la vera?

Posering på bolten er eit luftig karsstykke – og blir nok eit flott bilete å visa fram. Men det er stupbratt ned på kvar side. Fell han, er det til sikker død. Samtidig veit han at fleire tusen fjellfolk har teke det vesle hoppet ut.

Kor farleg er det eigentleg? Kor stor er risikoen?

Ein ekspert hjelper han med å rekna på det. Til nå er ingen fallulykker rapportert fra Kjeragbolten. Eksperten kjem til at sjansen for å falla er fattige 0,0000000001 prosent.

Det er mykje farlegare å køyra bil. Å gå ut på Kjeragbolten, er trygt, hevdar han.

Men noko manglar i den skråsikre analysen. Nemleg usikkerheit.

Det ein ikkje veit

- Merksemda om usikkerheit – eller kunnskap - og kva det har å seia for analysar, vurderingar og styring av risiko, har auka dei siste åra, seier Bodil Sophia Krohn, fagsjef for risikostyring i Norsk olje og gass.

Organisasjonen har dei siste to åra kjørt eit eige prosjekt som skal få fram eit utvida perspektiv på risiko og korleis næringa kan forstå, vurdera og styra storulykkerisiko.

- Grunnlaget for sikkerheitsarbeid er at du har god risikoforståing. Dette ligg i botn for alt arbeid vi gjer. Det dreier seg om å forbetra læring og erfaringsoverføring, og på denne måten medverka til meir kunnskap for å redusera risiko for storulykker.

- Eit overordna mål for prosjektet er å utvikla betre modellar og verktøy for kostnadseffektive risikoanalyser, understrekar Krohn.

Deepwater Horizon-ulykka i Mexicogolfen i 2010 er blant hendingane som har sett søkelys på risikostyring og korleis ein betre kan vektlegga usikkerheit og kunnskap.

Usikkerheit er sentralt for risikoforståing i alle relevante regelverk og standardar. Til dømes vart den internasjonale ISO-standarden for risikostyring (ISO 31000) oppretta i 2009, og understreka at ein ikkje kan koma utanom usikkerheit når ein handterer risiko.

I 2015 vart risikoomgrepet presisert i det norske petroleumsregelverket. I vegleiinga til rammeforskrifta vert risiko no definert slik: «Med risiko menes konsekvensene av virksomheten med tilhørende usikkerhet.»

- Kunnskap og usikkerheit er viktige aspekt ved risiko, men det er behov for ei meir praktisk tilnærming til korleis vi skal jobba med dette, presiserer fagsjefen.

- Korleis kan usikkerheit og kunnskap handterast? Korleis kan vi integrera dette i risikoanalysane? Korleis skal næringa forstå den nye definisjonen av risiko? Kva betyr endringa reint praktisk?

- Dette er spørsmål og problemstillingar vi prøver å svara på, seier Krohn.- Kunnskap og usikkerheit er viktige aspekt ved risiko, men det er behov for ei meir praktisk tilnærming til korleis vi skal jobba med dette, seier Bodil Sophia Krohn, fagsjef for risikostyring i Norsk olje og gass.

Ny risikoforståing

Norsk olje og gass har blant andre hatt med seg Terje Aven, professor i risikoanalyse og risikostyring ved Universitet i Stavanger, i prosjektet.

Ein fyldig rapport om emnet er no under ferdigstilling.

I løpet av våren er det arrangert to arbeidsseminar for petroleumsnæringa om kva den nye definisjonen betyr for måten ein jobbar med risiko på. Eitt seminar tek for seg dei kvantitative risikoanalysane, eitt er retta mot sikker jobb-analysar.

Psyke og skosolar

Men så var det Kjerag-filmen, då. Hovudpersonen vaklar i trua på at gjennomsnittleg sannsyn er det einaste som tel når risikoen ved å hoppa ut på bolten skal vurderast.

For når han tenkjer etter, er det mange andre faktorar som kan påverka utfallet av vågestykket – alt frå vær og vind og plutselege stormkast til eigen psyke og glatte skosolar:

Du peika berre på lågt sannsyn, men visste jo alt for lite om forholda der oppe. Du tok ikkje høgde for at noko overraskande kunne skje. Analysen din gjer ikkje det fulle biletet. Den gjer falsk tryggleik.

- Filmen forklarer på ein enkel måte at ein ikkje berre kan basera risikohandtering på tal og sannsyn, men at ein må ta usikkerheit og kunnskap med i vurderingane, seier Krohn.

Arbeidet med eit nytt og utvida perspektiv på risiko kjem til å fortsetta framover, fortel ho.

- Tilbakemeldingane frå næringa er gode. Vi ser at det er behov for dette prosjektet, og arbeider no med forslag til oppfølging. Mellom anna vil vi sjå på risikoanalysane – korleis dei kan bli betre og meir kostnadseffektive.

Sjå heile filmen her.

Applaus frå Ptil

Norsk olje og gass sitt arbeid med å få fram eit utvida perspektiv på risiko, får tommelen opp frå tilsynsmyndigheitene.

- Ptil har i ei årrekkje peika på at næringa har hatt utfordringar med å handtera og vurdera risiko, blant anna fordi usikkerheit ikkje har vore skikkelig innarbeidd, seier Bjørnar Heide, som er sentral i arbeidet med risikoanalyse og risikostyring i Ptil.

- Me er derfor glade for at næringa har gått saman om dette prosjektet, og at resultata vert presenterte på eit så lettfatteleg vis, seier han

- Vår vurdering er at dei praktiske løysningane som vert føreslått, kan medverka til mykje betre risikostyring og gjera sitt til at krava i regelverket vert oppfylt i større grad enn i dag.

- Difor er det no viktig at partane i næringa og selskapa på fordomsfritt vis tek til seg kunnskapen og metodane som prosjektet har utvikla, understrekar Heide.

- Det er viktig at partane i næringa og selskapa på fordomsfritt vis tek til seg kunnskapen og metodane som prosjektet har utvikla, seier Bjørnar Heide, Ptil-ekspert innafor risikostyring.

Tidsskriftet Dialog

Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet. 

Klikk her for å se alle utgaver av Dialog