Null aksept for svekka sikkerheit

Vi forventar at næringa handterer dei økonomiske utfordringane utan at det går ut over sikkerheitsnivået. Tvert om, kostnadskutta og prosessane for å effektivisera må bidra til å styrka sikkerheita, seier Ptil-direktør Anne Myhrvold.
- Risikostyring
Etter fleire år med høg vekst, har konjunkturane i petroleumsnæringa no snudd. For bare eitt år sidan var det store diskusjonstemaet korleis ein skulle få tak i nok hender og hovud til alle oppgåvene som venta. No er tida inne for å redusera og justera.
- Vi har forståing for at næringa no set i gang tiltak for å spara pengar og ta kontroll over kostnadane, men krev at ein sikrar kvalitet i alle ledd og fasar av verksemda. Det handlar om å prioritera riktig og tilpassa ressursbruken til dei oppgåvene ein har, seier Ptil-direktøren.
- Det er nok å minna om stadig meir krevjande drift av innretningar i modne område av Nordsjøen og Norskehavet, store modifikasjonsoppgåver på eksisterande felt og nye utbyggingar - til dømes Johan Sverdrup. Samtidig står næringa framfor nye og forsterka utfordringar som må taklast på veg inn i aude område lengst nord på norsk sokkel.
- I tillegg er det vedvarande ei stor mengd uteståande vedlikehald. Dei nyaste RNNP-tala som blei lagt fram i april i år, viser at vi ligg etter med 100 000 timar førebyggande vedlikehald og 2 500 000 timar korrigerande vedlikehald.
- Korleis handterer næringa denne situasjonen, og korleis skal dei makta å henta inn alle desse timane? Kva skjer dersom dei no kuttar ytterlegare i vedlikehaldet? spør Myhrvold.
- Det er viktig at selskapa har gode nok grunnlag for avgjerdene dei tek, og at dei fullt ut forstår kva konsekvensar tiltaka dei no set i verk, kan få - både på kort og lang sikt, seier direktøren og understrekar at tilsynet følgjer opp næringa sine prioriteringar på dette området.
- Vi ser blant anna at det blir snakka mykje om effektivisering gjennom standardiserte løysingar. Eg trur det er mykje å henta her, men det er viktig å finna balansen mellom behovet for standardisering og behovet for å utvikla ny teknologi som bidreg til reduksjon av risiko og auka sikkerheit.
Kontinuerlig forbetring
RNNP viser at risikonivået går i positiv retning, men bildet er nyansert. Næringa må fortsetta med dei tiltaka som har bidrege til høgt sikkerheitsnivå, og på fleire område er det behov for ekstra innsats. Ifølgje Myhrvold dreier det seg spesielt om å ta i bruk ny kunnskap og sikra kontinuerlig forbetring av sikkerheitsnivået i verksemda - slik regelverket krev.
- Det sikkerheitsnivået vi har i petroleumsverksemda i dag, baserer seg på tydelege regelverkskrav og ansvarlege aktørar. Regelverket gir handlingsrom. Det er utforma slik at det angir det sikkerheitsnivået verksemda skal ha, men ikkje korleis ein skal oppnå det. Det er opp til den enkelte aktør å velja dei konkrete løysingane, seier Myhrvold.
- Det er likevel viktig å peika på kravet om kontinuerlig forbetring. Dette er eit berande prinsipp for regelverket – og ein viktig del av den norske modellen, understrekar ho.
- Kontinuerlig forbetring inneber at næringa ikkje kan slå seg til ro, men heile tida må arbeida for å redusera risiko og utvikla nye og betre løysingar. Både enkeltaktørar og næringa saman må bidra her, seier Myhrvold og minner om at kravet til kontinuerlig forbetring også gjeld i samband med innsparingsprosessar og kostnadskutt.
- Det betyr at næringa må ha to mål for auge når kostnadar skal kuttast: Tiltaka dei set i verk må ikkje bare ha ein økonomisk gevinst, men også bidra til auka sikkerheit. Klare målsettingar er avgjerande. Måla er styrande for endringsarbeidet.
- Vi ser ikkje at næringa er tydelege nok på at dei skal oppnå sikkerheitsmessige gevinstar av spareprosessane som no er i gang. Dei seier at kutta ikkje skal ha negative konsekvensar for sikkerheita, men dette er ein alt for passiv haldning, slår Myhrvold fast.
Dokumentasjon og analyse
- Risikoanalysar og dokumentasjon er to område der Ptil meiner det er mogleg å få til både sikkerheitsmessige og økonomiske gevinstar, seier fagdirektør Finn Carlsen i Ptil.
- Analysar og dokumentasjon må bli meir formålstenlege. Då vil ein erfara at mykje av det som blir produsert i dag, ikkje trengs.
Selskapa har krav på seg til å gjennomføra risikovurderingar og -analysar i alle fasar av verksemda. Analysane skal bidra med beslutningsgrunnlag, og er viktige verktøy for å oppretthalde eit forsvarleg sikkerheitsnivå og bidra til kontinuerlig forbetring, påpeiker Carlsen.
- Men er alle analysane og vurderingane formålstenlege, slik at dei faktisk bidreg som støtte til avgjerdene som blir tekne? Brukar dei rett metode? Korleis handterer dei usikkerheit? Av og til kan det sjå ut som om selskapa er meir opptatt av at risikovurderinga er gjennomført enn av resultatet, seier fagdirektøren.
- Det same finn vi når det gjeld dokumentasjon. Vi ser at mengda dokumentasjon som blir produsert i samband med utbygging og drift av felt og innretningar på norsk sokkel, har auka dramatisk sidan 2000. Kvifor denne auken? Kva formål tener all dokumentasjonen? Mykje av dette handlar ikkje om krav i regelverket eller standardar, men om selskapa sine interne dokumentasjonskrav.
Risikoanalysar og dokumentasjon er to område der Ptil meiner det er mogleg å få til både sikkerheitsmessige og økonomiske gevinstar.
- Både risikoanalyser og dokumentasjon kan og må bli meir formålstenlege. Det vil både gi auka sikkerheit og betre bruk av ressursane, seier Carlsen.
Regelverksutvikling
Ptil sitt overordna mål som etat er å legga premissar for og følgja opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå for helse, miljø, sikkerheit og beredskap, og gjennom dette også bidra til å skape størst mogelege verdiar for samfunnet.
Den politiske ambisjonen om å væra verdsleiande på helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda inneber ei forplikting for alle partane i næringa til å jobba konstruktivt for å oppretthalda og forbetra sikkerheitsnivået.
- Ambisjonen pregar også oss som tilsynsmyndighet; korleis vi fyller vår rolle og korleis vi arbeider, blant anna med å utvikle regelverket, seier Anne Vatten, direktør for juss og rammevilkår i Ptil.
- Sikkerheit for menneske og miljø kjem først. Økonomi er og skal være underordna dette. Men det er klart at vi i Ptil heller ikkje er interessert i at kostnadene skal være urimelege i høve til gevinsten eller nytta. Derfor inngår også økonomiske vurderingar i avgjerdene vi tek i Ptil.
- Men det grunnleggande er at arbeidet med sikkerheit skal vera langsiktig og upåverka av endringar i investeringsnivå eller oljepris.
- Sikkerheit er ingen salderingspost, slår Vatten fast.

Finn Carlsen, Anne Vatten og Anne Myhrvold. (Foto: Emile Ashley)
Tidsskriftet Dialog
Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet.