Ein strøymande CO₂-brønn kan gi andre parameter og føresetnader under drepeoperasjon, intervensjon og brønnhovudkapsling, enn ein strøymande konvensjonell olje- og gassbrønn. Havindustriltilsynet (Havtil) har difor sett eit behov for ei kartlegging av tilhøva og utfordringane med å intervenera, drepa og/eller kapsla ein strøymande CO₂-brønn.
Wild Well Control Inc. har, på oppdrag frå Havtil, levert ein rapport som kartlegg ulike scenario som kan oppstå under intervensjon på ei CO₂-utblåsing, og vurderingar som må gjerast for å gjenvinna kontroll over brønnen på ein sikker måte. Rapporten inneheld òg ei oppsummering av modelleringsverktøy for brønnkontroll med omsyn til CO₂-scenario.