DNV har, på oppdrag frå Havtil, utarbeidd ein rapport som utforskar korleis KI kan brukast til å analysera data om fallande gjenstandar. Rapporten fokuserer på å forbetra læring og innsikt frå eksisterande data ved hjelp av moderne digitale teknologiar.
Oppfølging av konstruksjonssikkerheit står sentralt i Havtil, og både me og industrien har over tid hatt merksemd retta mot konstruksjonshendingar med storulykkespotensial. Desse inngår som ein av indikatorane i Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP). Også fallande gjenstandar der konstruksjonselement inngår, blir rapportert i RNNP, ettersom slike hendingar kan få fatale konsekvensar på individnivå.
Systematisk læring
Havtil har samla omfattande data om hendingar med fallande gjenstandar gjennom fleire tiår. Denne informasjonen er vanskeleg tilgjengeleg for systematisk læring. Rapporten framhevar behovet for å utnytta ny teknologi for å gjera denne informasjonen meir tilgjengeleg og nyttig.
DNV har brukt ekspertise innan skadeanalyse, risikostyring, KI, språkteknologi og kunnskapsmodellar (ontologiar) i arbeidet med å skapa ei søkeplattform for informasjon om hendingar.
Menneskeleg vurdering
Studien viser at bruk av KI kan forbetra søkbarheit og anlyse av data om hendingar. Samtidig understrekar studien at verktøyet framleis krev omfattande menneskeleg vurdering av svara modellen gir. Fagekspertar må involverast tidleg i utviklinga av ontologiar og kunnskapsgrafar.
Rapporten inneheld også andre tilrådingar for korleis verktøyet kan forbetrast.