Parallelt med studien har Ptil i løpet av 2006 og 2007 gjennomført eit tilsyn med industriens kunnskapar om fleksible røyrledningar og stigerøyr. Tilsynet var konsentrert rundt operasjon, inspeksjon og vedlikehaldsprogram, og korleis dette er dokumentert og monitorert for å gi mest mogeleg realistisk forståing av den faktiske tilstanden til fleksible røyrledningar.
Dele erfaringar
I desember 2007 arrangerte Ptil eit industriseminar i Stavanger, med intensjon om å auke den generelle kunnskapen om fleksible røyrledningar og stigerøyr, samt å dele erfaringar i industrien.
Som ein del av vårt tilsyn med industrien vart Seaflex brukt som konsulent for å sammenstille ein rapport om den nyeste teknologien og kunnskapen om feilmoder frå produksjon, transport, installasjon og operasjon av fleksible røyrledningar og stigerøyr. Følgande tema er dekka i rapporten:
- Historisk oversikt over design (forutsetningar, designkriterier, relevante standardar)
- Oversikt og beskrivelse av feilmoder og feilmekanismar.
- Inspeksjonsmetodar og integritetsmonitorering.
Heile verda
Rapporten er basert på erfaringar frå heile verda. Då hovudtyngden av fleksible røyrledningar i operasjon på norsk sektor er unbonded fleksible røyrledningar, så er dette også hovudfokus. Ei kort oppsummering om bonded fleksible røyrledningar er også inkludert for å få eit vidare perspektiv på rapporten.
Innretningsforskriften §9 om anlegg, system og utstyr seier at: Anlegg, system og utstyr skal utformast robust og på enklast muleg måte.
Vidare seier Styringsforskriften §22 om forbedring at: Det skal legges til rette for at erfaringskunnskap fra egen og andres virksomhet kan bli brukt i forbedringsarbeidet.
Viktige krav
Desse krava er viktig for sikker operasjon av fleksible røyrledningar og stigerøyr gjennom heile levetida.
Ved å ha klare reglar og krav for design, installasjon og operasjon - og ved å dele erfaringar, lære av tidlegare feil og auke den generelle kunnskapen i industrien - vil vi i framtida kunne sjå ein reduksjon i talet på hendelsar knyttet til fleksible røyrledningar og stigerøyr.