Vedlikehald har vist seg å vere medverkande årsak til storulykker både i petroleumsverksemda og annan industri/verksemd. Arbeidet til selskapa med styring av vedlikehald er derfor eit område som Havindustritilsynet (Havtil) følgjer tett, både gjennom tilsyn med aktørane, kunnskapsinnhenting og -formidling og overvaking gjennom Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP).

Spørsmålet er: Jobbar selskapa godt nok med vedlikehaldsstyring?

Fagdag

På Havtil sin fagdag om vedlikehaldstyring 5. februar, fekk næringa presentert eit bilete som peikar på tydelege behov for forbetring.

Fagdagen hadde i år tittelen «Styring av vedlikeholdet - viktigere enn noen gang». Presentasjonane frå arrangementet finn du her.

Kritiske manglar

Semsudin Leto frå Havtil samanfattar tilsynet sine observasjonar, og legg blant anna vekt på:

1. Kritiske manglar i grunnlaget for styringa av vedlikehaldet

- Gjennom tilsyna våre har vi over tid sett kritiske manglar i grunnlaget for styringa av vedlikehaldet, eksempelvis merking av utstyr, klassifisering, vedlikehaldsprogram, vedlikehaldshistorikk og analysar, forklarer Leto.

Ikkje utført

2. Manglande gjennomføring av nødvendig vedlikehald

- Vi ser gjennom RNNP og frå tilsyna våre at den samla mengda av førebyggjande og korrigerande vedlikehald som er planlagde og identifiserte, men ikkje utførte, er betydeleg, seier Leto.

- I tillegg blir delar av det korrigerande vedlikehaldet omdefinerte over i andre porteføljar som prosjekt, modifikasjonar, revisjonsstansar, osb. Det vil seie at det samla biletet truleg er endå høgare enn det som kjem fram gjennom RNNP og selskapa sine eigne indikatorar for vedlikehald. – For mange innretningar til havs og landanlegga blir det meir vedlikehaldsarbeid utført enn før, men behova er større enn gjennomføringsevna, held han fram.

- Identifisert men ikkje utført vedlikehald kan relaterast til manglande kapasitet for utføring av nødvendig vedlikehald, seier Leto.

Utsetjing

3. Risikovurderingar blir brukte i aukande grad for å rettferdiggjere utsetjing av vedlikehald.

- Aktørane omprioriterer og utset vedlikehald, inkludert det sikkerheitskritiske, gjennom prosessar for vurderingar av risiko.

– Tilsyna og granskingane våre viser stort omfang av utsett vedlikehaldsarbeid. Ofte er arbeidet utsett fleire gonger utan tilstrekkeleg risikovurdering, både enkeltvis og samla, poengterer Leto.

Svakheiter

4. Vedlikehaldet for å førebyggje hydrokarbonlekkasjar må styrkjast

- Oppfølging etter hendingar og tilsyn viser at hydrokarbonførande røyr ikkje blir halde ved like tilstrekkeleg. Vi ser svakheiter i systematikken til selskapa for risikobasert inspeksjon (RBI) og i arbeidsprosessar for prioritering, planlegging, gjennomføring og oppfølging av/etter inspeksjonar og vedlikehald.

Planar og ressursar

Ein anna viktig bodskap frå Havtil til selskapa gjeld manglande realisme i planar og kamp om ressursane.

- Høgaktivitetsperioden på sokkelen, med nye prosjekt, modifikasjonar, elektrifiseringar og vedlikehald, gjer det utfordrande å skaffe til vege nødvendig kapasitet og kompetanse, poengterer Per Eivind Steen i Havtil.

All aktivitet på ei innretning er styrt av tilgjengelegheita av sengeplassar, noko som gjeld både vedlikehald, modifikasjonar og prosjekt.

- Manglande realisme

- Vi har sett mange døme i tilsyn der det ikkje er samsvar mellom ressursar og dei arbeidsoppgåvene som blir utførte. Dette kjem ofte av manglande realisme i planar og estimat, som påverkar prioriteringa av ressursar både enkeltvis og samla for alle aktivitetar på ei innretning.

- Mangelfull planlegging kjem ofte av dårleg teknisk underlag og manglande oversikt over arbeidsomfang. Dersom ein aktivitet sklir på kost eller tid, vil det setje press på HMS og kvalitet. Derfor er god planlegging lik god HMS, poengterer Steen, og viser til at dette også var ei viktig læring frå dei tre studiane om utbyggingsprosjekt som Havtil gjennomførte i åra 2019 til 2023.

Les meir: Tre studier om utbyggingsprosjekter 

Ber selskapa reflektere

Totalbiletet når det gjeld styring av vedlikehald gir grunn til bekymring, meiner Havtils fagleiar for HMS-styring, Gunnar Dybvig. Han ber selskapa reflektere over nokre sentrale spørsmål:

- For det første: Kvifor finn ikkje selskapa dei same manglane som vi i Havtil gjer gjennom tilsyna og granskingane våre? 

- Vi snakkar om gjentakande manglar, over tid, både hos operatørar, reiarar og landanlegg. Kvifor er det slik? Er ikkje selskapas oppfølgingsaktiviter gode nok, eller er det slik at selskapa ser det same som oss, men ikkje evnar å korrigere manglane?  Er det eit gap mellom det vi forventar av næringa og det dei meiner er godt nok?

Planlegging

- Det andre spørsmålet mitt handlar om aktivitetsnivå: Er det samsvar mellom oppgåver og tilgjengelege ressursar? 

- Blir det planlagt for eit oppgåvenivå som ikkje er tilpassa dagens aktivitetsnivå og tilgjengelege ressursar? Tal frå Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) og observasjonar i tilsyna våre indikerer dette.

- Ser vi symptom på at selskapa strekkjer strikken for langt no? Er det noko med rammer og budsjett som gjer at ting ikkje går i hop?  Det blir gjennomført mykje vedlikehald, men behovet synest mykje større.

Kontinuerleg forbetring

Det tredje og siste spørsmålet gjeld krava som blir stilte til forbetring av tryggleiken: Evnar vi å vidareutvikle og forbetre etablert praksis over tid?

- Regelverket krev vidareutvikling og forbetring, det er eit fundamentalt krav. Vi ser veldig mange forbetringsinitiativ, men kor god effekt har desse? Får dei den ønskte effekten? Innføring av nye løysingar basert på kunstig intelligens (KI) framover – vil det gjere oss betre?