Vindkraft er i utgangspunktet ein enkel teknologi å forstå – ein turbin driven av vind. På land er dette ein velkjend og etablert teknologi. Men kva skjer når vi flyttar turbinane ut på havet?

Sjå video om havvind

Langt til havs er det ein klar fordel; det bles meir og oftare. Men det er òg ei utfordring; det bles meir og oftare! Og det trengst folk til å jobbe der ute - noko som kan bli ganske heftig.

Noreg har ambisjonar om å bygge ut store mengder vindkraft i havet. Då må vi ta omsyn til dei krevjande forholda vi har på sokkelen, for å få til dette på ein sikker måte.

Botnfast og flytande

Det meste av havvindutbyggingar så langt i verda er botnfaste. Det finst fleire typar fundament for botnfast havvind, men felles for dei er at dei berre fungerer på havdjup ned til rundt 70 meter. 80 prosent av verda sine havvindressursar er i område djupare enn dette.

På norsk sokkel er det store djup, som gir desidert størst potensial for flytande havvind. Det finst ulike teknologiar og fleire er under utvikling. Felles for dei er at fundamentet må gi nok stabilitet til å tole høge bølgjer, sterk straum og utfordrande vindforhold.

Energiproduksjonen frå ein turbin avheng av kor mykje det bles. Større rotorareal er òg med på å auke produksjonskapasiteten, som blir oppgitt i megawatt. Ein gjennomsnittleg havvindturbin kan i dag produsere opp til 8 megawatt, nok til å forsyne 2500 norske hushald.

Før straumen kan takast i bruk må han fraktast til land. Omformarplattformer tek imot vekselstraum frå turbinane og konverterer han til likestraum. Det gir mindre effekttap over større avstandar. På land blir straumen igjen omforma til vekselstraum.

Kvifor lagar Havtil innhald om havvind?

I 2020 fekk Havtil delegert myndigheitsansvar for havvind. Det inneber at vi skal utvikle regelverk og føre tilsyn med utbygging og drift av vindkraftverk til havs. Eit nytt regelverk for fornybar energiproduksjon er no under utarbeiding.