- Tillit er gullet og limet i modellen, og det er viktig å ha stor respekt og sjå betydinga av dette, sa Anniken Hauglie, viseadministrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

Ho deltok i ein panelsamtale saman med Sissel Merete Skoghaug, første nestleiar i LO, under Sikkerhetsforum sin årskonferanse i Stavanger 6. juni.

Både Hauglie og Skoghaug slo fast at trepartssamarbeidet er svært godt i Noreg i dag og at det byggjer på eit solid topartssamarbeid. For sjølv om LO og NHO er motpartar i lønnsforhandlingar, samarbeider partane svært tett om mange problemstillingar utover spørsmål om løn.

Hauglie trakk likevel fram at auka organisering er viktig:

- Vi har ein vekststrategi i NHO der vi ønskjer å veksa og få fleire til å organisera seg hos oss. Det er fordi det er eit viktig bidrag for eit seriøst arbeidsliv. Og det gir oss sjølvsagt også tyngde i forhandlingsposisjonen.

Også Skoghaug understreka at låg organisering kan truga samarbeidet:

- Vi ser ein svak nedgåande utvikling i organisasjonsgraden sjølv om antal organiserte arbeidstakarar aukar. For at vi som partar skal kunne gjera ein god jobb, er vi nøydde til at dei aller fleste organiserer seg, for å unngå eit a- og b-lag i arbeidslivet.

Både Hauglie og Skoghaug fryktar krefter som kan undergrava tilliten, som polarisering, høgare konfliktnivå og splitting. Partane har eit ansvar for å motverka dette gjennom eit respektfullt ordskifte. 

Sikkerhetsforum: Den avgjerande trepartsarenaen

Sikkerhetsforum har i over 20 år vore ein sentral arena for samarbeid mellom arbeidstakarar, arbeidsgivarar og myndigheiter i petroleumsnæringa. Her blir felles utfordringar knytt til sikkerheit, arbeidsmiljø og rammevilkår diskuterte og løyste.

På årskonferansen diskuterte Havtil-direktør Anne Myhrvold, Knut Thorvaldsen frå Offshore Norge og Lars-Martin Bø frå Tekna kvifor dette trepartssamarbeidet er så viktig, og korleis det kan vidareutviklast.

- Eg har vore oppteken av å sørga for at dette er eit forum som er relevant, sa Havtil-direktør og leiar av Sikkerhetsforum, Anne Myhrvold.

- Det handlar om å diskutera dei viktige sakene og at vi får alle med og engasjerte i desse.

Ho ser faren for at partane kan bli for travle til å prioritera den viktige møteplassen.

- Vegen vidare er difor å jobba endå meir med å formidla, få fram gode eksempel, og sørga for at vi ikkje tek samarbeidet for gitt, ikkje minst inn mot nye næringar. 

- Og vi må prioritera å møtast. Det gir i seg sjølv ein verdi.

Knut Thorvaldsen i Offshore Norge har vore medlem av Sikkerhetsforum sidan starten i 2000.

- I dei første møta var nok temperaturen høgare enn vi har no. Samarbeidet har utvikla seg i positiv retning. Vi har framleis heftige diskusjonar og stor takhøgd, men vi har likevel ein sivilisert måte å omgås og samarbeida på.

Han understreka at partane i stor grad har felles mål om eit høgt HMS-nivå og peika på at tillit, gjensidig respekt og faktabaserte diskusjonar er svært viktig.

Også Lars-Martin Bø frå Tekna slo fast at Sikkerhetsforum spelar ei sentral rolle. Han trakk mellom anna fram korleis samarbeidet fører til betre løysingar på område som kompetanse, og la vekt på den viktige tilliten mellom partane.

- Vi må halda fram å forvalta denne tilliten. Og at vi tek kontakt med kvarandre og ikkje berre ventar til det formelle møtet.

Sjå video av alle innlegga på årskonferansen