Viktige føringar med innverknad på helse, miljø og sikkerhet (HMS) blir fastsette i kontraktar mellom operatørselskap og leverandørar, blant anna gjennom å definere bemanningsnivå, korleis arbeidet skal organiserast og kva som blir målt og gjev bonus.
Dei siste åra har petroleumsnæringa gått gjennom ei rekkje strukturelle endringar og effektivitetsprosessar. Rammevilkår i kontraktar er vesentleg endra, både når det gjeld roller og ansvar mellom operatør og leverandør, organisering av arbeidet og arbeidsvilkåra for den enkelte.
Rammevilkår
Omfattar (og er i denne samanhengen avgrensa til) forhold som påverkar dei praktiske moglegheitene ein organisasjon, ei organisasjonseining, gruppe eller individ har til å halde storulykkes- og arbeidsmiljørisiko under kontroll.
Samanhengen mellom rammevilkår og tryggleik og arbeidsmiljø er komplisert og samansett, noko som gjer dette temaet særleg utfordrande å føre tilsyn med. Vi har tilnærma oss temaet på mange ulike måtar.
Tilsyn
Ptil har dei siste åra gjennomført ei rekkje tilsyn retta mot endringar i rammevilkår.
Les meir: Sjå alle våre tilsyn med rammevilkår
Tilsynsaktivitetane har blant anna vore gjennomførte i form av møteseriar og revisjonar offshore. Vi har hatt refleksjon og dialog om rolla til operatørselskapa, korleis dei set rammer for og påverkar risikostyringa hos leverandørane, og kva rom leverandørane i praksis har til å ta hand om ansvaret som er gjeve dei i dei enkelte kontraktane.
I møte med leverandørselskap har vi fått oppdatert kunnskap om typiske utfordringar knytte til rammevilkår i kontraktar. Møteseriane har vore følgde opp med revisjonar på enkeltinnretningar, der både operatør og leverandør har vore adressert.
Tema i revisjonane er roller og ansvar, avgjerdsunderlag og selskapa si eiga oppfølging. I tillegg har vi ført tilsyn innanfor ei rekkje andre tema som er relaterte til rammevilkår, som styring av kapasitet og kompetanse, arbeidstid, innleige og endringar i organisering av arbeid. Verneomboda er ei særleg viktig kjelde til informasjon.
Ptil har dei siste åra følgt opp implementeringa av fullintegrerte bore- og brønnservicekontraktar. I 2018 gjennomførte vi ein møteserie med operatør, boreentreprenørar og serviceleverandørar, og i åra etter vart møteserien følgt opp med revisjonar på faste innretningar.
Effektiviseringsprosessane som går føre seg i næringa, tek ulike former, men eit sentralt aspekt er bemanningsreduksjonar offshore. Dette oppnår ein blant anna gjennom nye samarbeids- og kontraktsformer.
I dei nye kontraktsformene samarbeider operatør, boreentreprenør og serviceselskap tettare, og bemanninga offshore blir redusert, blant anna ved at ein kryss-trenar offshore personell. Flytting av personell til land, gjennom auka digitalisering, er også eit sentralt element i dei nye kontraktane.
Ny digital teknologi gjer det mogleg å gjennomføre fleire funksjonar frå land. Dette kan dreie seg om oppgåver som er viktige for tryggleiken, som retningsboring og logging. Personell, med viktige oppgåver innanfor ein boreoperasjon til dømes, kan i dag vere på ulike lokasjonar og dei kan ha ulike arbeidsgjevarar.
Arbeidet med å følgje utviklinga i næringa vil halde fram i 2022.
Informasjon og rettleiing
I møte med arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar, og i ei rekkje seminar og føredrag har vi formidla kunnskap om rammevilkår breitt i bransjen. I 2021 var «På lag med leverandørane» hovudtemaet for Ptil. I den samanhengen var magasinet vårt «Dialog» hausten 2020 vigd leverandørane sin situasjon med ein eigen artikkel om oppfølginga vår av rammevilkår.
Les meir: På lag med leverandørene
På «Leverandørdagen» i desember 2021 oppsummerte vi og representantar frå bransjen viktige tema for vidare oppfølging.
I 2021 lyste vi ut eit FOU-prosjekt om endra rammevilkår og konsekvensar for arbeidsmiljø og tryggleik. Prosjektet legg spesielt vekt på to tema: Endringar i tilknytingsformer, og endringar i kontrakts- og samarbeidsformer. Prosjektet skal levere rapporten sin innan utgangen av 2022.
Effekt
Rammevilkår er eit omfattande tema, og det gjeld store delar av verksemdene. Over tid har vi i utgreiingar, møteseriar og tilsyn fått monaleg auka kunnskap om rammevilkår i kontraktar, og kva dei har å seie for tryggleik og arbeidsmiljø.
Vi har gjennom arbeidet vårt bidrege til ei større medvitsgjering i næringa om konsekvensane rammevilkåra har for HMS. Merksemda vår har tydeleg vist dei utfordringane som leverandørane har, ansvaret som ligg hos operatørselskapa, og ansvaret leverandørselskapa har for eigne tilsette.
Kunnskapen vår om rammevilkår i petroleumsverksemda var også grunnlaget for vårt høyringssvar til Arbeids- og sosialdepartementet om NOU 2021: 9 - Den norske modellen og fremtidens arbeidsliv - Utredning om tilknytningsformer og virksomhetsorganisering
Denne artikkelen er henta frå Ptil sin årsrapport for 2021 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Heile årsrapporten kan du lesa her.