Resultata er presenterte i vår årlege rapport frå dykkedatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985 til 2020.

Aktivitetsnivå

I 2020 var aktivitetsnivået for mettingsdykking på 32.470 manntimar. Dette er nær ein tredel av dykkeaktiviteten samanlikna med 2019, men det er samstundes litt over halvparten av den gjennomsnittlege dykkeaktiviteten dei siste 21 åra. 

I 2020 blei det for overflateorientert dykking rapportert 489 manntimar i vatn, noko som er ei reduksjon samanlikna med året før.  

Få personskadar

DSYS-oversikten viser at det har vore få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.

Definisjonar

Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet til arbeidsstaden i sjøen. Dykkaren oppheld seg under trykk i kammer på dykkarfarty mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters djup), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vera ein del av slik dykking.