Resultata er presenterte i vår årlege rapport frå dykkedatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985 til 2019.

Aktivitetsnivå

I 2019 var aktivitetsnivået for mettingsdykking på 87.295 manntimar. Dette er nær ei tredobling av dykkeaktiviteten samanlikna med 2018, og er i overkant av den gjennomsnittlege dykkeaktiviteten dei siste 20 åra. 

I 2018 blei det for overflateorientert dykking rapportert 662 manntimar i vatn, noko som er ei lita reduksjon samanlikna med året før.  

Få personskadar

DSYS-oversikten viser at det har vore få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.

Definisjonar

Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet til arbeidsstaden i sjøen. Dykkaren oppheld seg under trykk i kammer på dykkarfarty mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters djup), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vera ein del av slik dykking.