- Tilsynet blei gjennomført 12. november 2025.
- Pållegget blei varsla 2. februar 2026.
- Pålegget ble gitt 26. februar 2026.
Mål
Målet med tilsynet var å følgje opp at selskapet hadde retta avvik frå regelverket knytt til styring av barrierar og vedlikehald, slik dei hadde skildra for oss i SUT-prosessen.
Resultat
Tilsynet viste at Shelf Drilling ikkje hadde ferdigstilt styringssystem for barrierar og vedlikehald slik dei sjølve hadde planlagt ved utferding av samsvarsfråsegn (SUT) for innretninga Shelf Drilling Barsk.
Selskapet sitt arbeid med å rette eigne avvik var ikkje å rekne som kontinuerleg forbetring, men som arbeid nødvendig for å tilfredsstille krav i regelverket.
Tilsynet identifiserte tre avvik innanfor følgjande område:
- Avviksbehandling
- Barrierar
- Styring av vedlikehald
I tillegg observerte vi eitt forhold som vi har valt å kategorisere som forbetringspunkt. Dette gjaldt:
- Bemanning og kompetanse
Pålegg
Tilsynet påviste at avvik som kvar for seg og samla utgjer alvorlege brot på regelverket ikkje er retta slik selskapet tidlegare har skildra.
På grunnlag av dette har vi gitt Shelf Drilling følgjande pålegg:
Med hjemmel i rammeforskriften § 69 om enkeltvedtak pålegger vi Shelf Drilling på Shelf Drilling Barsk å:
- Korrigere 4 avvik etter SUT-tilsyn i 2024 jf. rapportens kapittel 5.1.1, jf. styringsforskriften § 22 om avviksbehandling.
- Presentere en tidfestet og forpliktende plan med aktiviteter for å oppfylle påleggets punkt 1, jf. styringsforskriften § 12 om planlegging og § 22 om avviksbehandling.
Frist for å etterkomme påleggets punkt 2 er 13. mars 2026.
Frist for å etterkomme påleggets punkt 1 er 1. oktober 2026.
Vi skal ha melding når dere anser at pålegget er etterkommet.