Tilsynet vart gjennomført i perioden 21. til 27. november 2025.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at Odfjell Platform Drilling si styring av arbeidsmiljø om bord på Linus var i samsvar med kravet i regelverket. Tilsynet verifiserte også selskapet si tilrettelegging for reell arbeidstakarmedverknad gjennom FS-AMU og vernetenesta. 

Resultat

Tilsynet identifiserte fem avvik knytta til:

  • Ergonomisk utforming
  • Analyse av ergonomisk arbeidsmiljø
  • Opplæring og informasjon om risiko knytt til ergonomisk belastande arbeid
  • Styring av eksponering for støy og hand-arm vibrasjon frå håndholdt verktøy
  • Personleg verneutstyr

Vidare vart det identifisert eitt forbetringspunkt knytt til analyse av psykososialt arbeidsmiljø.

Kva skjer no?

Vi har bede Odfjell Platform Drilling innan 17. mars 2026 gjera greie for oss korleis avvika vil bli handterte, samt gi oss si vurdering av det forbetringspunktet som vart observert.