Tilsynet vart gjennomført 14. – 16. januar 2025.

Mål

Målet med tilsynet var å sjå til at Equinor og Tjeldbergodden har ei samla tilnærming til oppfølging av overflatevedlikehald, korrosjon under isolasjon og arbeidsmiljø, og at vedlikehald og arbeidsmiljø i drift for Tjeldbergodden landanlegg er i tråd med regelverkskrav og krav i selskapet. 

Resultat

Det vart identifisert to avvik knytt til styring av vedlikehald og arbeidsmiljøvurderingar for nye metodar i overflateprosjektet. 

Vidare har vi identifisert eitt forbetringspunkt knytt til informasjon om arbeidsmiljørisiko i planlegging og gjennomføring av vedlikehald.

Kva skjer no?

Vi har bede Equinor innan 20. mars 2025 gjera greie for korleis avvika vil bli handtert, og gi oss si vurdering av forbetringspunktet som vart observert.