Tilsynet vart gjennomført frå 16. til 19. november 2020. Dette var del to av eit tilsyn der vi i første del førte tilsyn med overflateprogram på landanlegga i Equinor medan del to var ein eigen revisjon med Mongstad.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at Equinor har ei samla tilnærming til oppfølging av korrosjon under isolasjon (KUI) og at selskapet har ei samla tilnærming til gjennomføring av naudsynt vedlikehald for KUI for alle landanlegga som selskapet er operatør og teknisk tenesteytar for.

Resultat

I tilsynet vart det identifisert tre avvik. Dei omfatta:

  • Risikostyring av overflatetilstand
  • Handtering av avvik
  • Oppfølging av leverandørar

Vidare identifiserte vi to område med potensial for forbetring. Desse er knytt til:

  • Måleparametrar og indikatorar
  • Mål og strategiar

Kva skjer vidare?

Vi har bedt Equinor gjere greie for korleis avvika vil bli handtert. Vi har også bedt selskapet gi si vurdering av observasjonane der det er potensial for forbetringar. Frist er satt til 15. februar 2021.