Spirit Energy er operatør for utvinningsløyve 682 i Nordsjøen. Vi har gitt selskapet samtykke til å bore brønn 35/9-14 for å undersøka eit leiteprospekt kalla «Tethys».

Spirit Energy fekk samtykke til leitebrønn 35/9-13 i 2017, men måtte plugge tilbake denne brønnen grunna tekniske problem. Brønn 35/9-14 vil være identisk med brønn 35/9-13, men ligg 30 meter frå den opprinnelege brønnen.

Boringa er planlagd å starte i januar 2018 og vil vare i 30 dagar. Mogleg sidesteg og brønntesting kjem i tillegg.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 61° 25’ 19.87” Nord
  • 03°49ʹ 41.93ʹʹ Aust

Havdjupna på staden er 365 meter.

Brønnen skal borast med Songa Enabler, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.