Shell er operatør for utvinningsløyve 832 i Norskehavet. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bora leitebrønn 6304/3-1. Målet med brønnen er å undersøka eit leiteprospekt dei har gitt kallenamnet «Coeus».

Brønnen skal borast på følgjande lokasjon:

  • 63°48'05.89" Nord
  • 4°52'18.41" Aust

Lokasjonen ligg om lag 165 km nordvest for Kristiansund, og havdjupet på staden er 1235 meter.

Boreoperasjonane startar ein gong mellom juli og september 2018, og er venta å vara 55 dagar.

Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.