Samtykket omfattar brønnvedlikehald. Operasjonane er estimerte å vara frå 1. juli 2018 til 31. desember 2019.
Gjøa
Gjøafeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 50 kilometer nordaust for Troll. Havdjupna i området er 360 meter. Gjøa blei påvist i 1989, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2007. Feltet er bygt ut med fire havbotnrammer og ein satellittbrønn kopla til ei halvt nedsenkbar produksjons- og prosessinnretning. Produksjonen starta i 2010.
Kjelde: norskpetroleum.no
Island Frontier vart bygd i 2004 ved Søviknes verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.
Island Frontier fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.
Island Wellserver vart bygd i 2008 ved Aker Langsten verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.
Island Wellserver fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2009.