Samtykket omfattar bruk av den flyttbare boreinnretninga Maersk Integrator til boring av produksjonsbrønnane 15/6-B-9 og 15/6-B-19.
Boreoperasjonane er venta å vara i til saman 101 døgn.
Maersk Integrator er ei oppjekkbar boreinnretning, levert fra Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga blir driven av Maersk Drilling Norge AS.
Maersk Integrator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2015.
Gina Krog
Gina Krog-feltet ligg på Utsirahøgda i den midtre delen av Nordsjøen, like nord for Sleipner Vest. Havdjupna i området er 110-120 meter. Gina Krog blei påvist i 1978, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2013. Utbyggingsløysninga er ein kombinert bustad- og prosessplattform. Ein oppjekkbar rigg blir brukt til boring. Produksjonen starta i 2017.
Kjelde: norskpetroleum.no