Aker BP er operatør for Hodfeltet, som ligg lengst sør i den norske delen av Nordsjøen. Vi har no gitt samtykke til boring av ein avgrensningsbrønn på Hod.
Brønn 2/11-12 S har dei geografiske koordinatane:
56° 10’ 10.704“ Nord
03° 26’ 12.593“ Aust
Havdjupna på staden er 70,9 meter.
Planlagd borestart for er tidlegast 15. desember. Boreoperasjonane er venta å vare mellom 45 og 95 dagar.
Brønn 2/11-12 S skal borast med den flyttbare boreinnretninga Maersk Interceptor, som er eigd av Maersk AS og operert av Maersk Drilling Norge AS. Maersk Interceptor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2014.