Aker BP er operatør for utvinningsløyve 340/869. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore en leite- og produksjonsbrønn på Bøylafeltet.

Bøylafeltet ligg i Nordsjøen, omkring 200 kilometer frå land (Karmøy). Brønnen har følgjande koordinatar:

  • 59°20' 29.01" Nord
  • 1°49'55.32" Aust

Havdjupna på staden er omkring 119 meter.

Operasjonen er planlagd starta i første kvartal 2019 med ei varigheit på 94 dagar.

Aker BP må søke om eit eige samtykke før dei startar testproduksjon for den aktuelle brønnen.

Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.