Det unike kartleggingsarbeidet Risikonivå i norsk petroleumsverksemd
(RNNP) målar effekten av næringa sitt arbeid med sikkerheit og kor
gode selskapa er til å styra risiko.
Når dei årlege rapportane blir presentert, lyttar næringa spent.
Kva veg går trendane for risikonivået? Har innsatsen gitt resultat?
Kva område må prioriterast? Kor er utfordringane størst?
I 2021 rundar RNNP 20 år, og vi markerer dette med å gå kartlegginga
nærare i saumane.
Vi viser kva effekt RNNP-arbeidet har hatt – for samarbeidet mellom
partane og arbeidet med risikoreduksjon, og vi røper litt om planane
for vidareutvikling og forbetring av verktøyet.
Vil du lese fleire reportasjar?
Her kan du lese fleire reportasjar frå Dialog. Du finn det og som PDf i vedlegg under.
Ønsker du å motta Dialog i trykt versjon? Send ein e-post til Margrethe Hervik og oppgi kor mange eksemplarar du ønsker.