Hopp til hovedinnhold
Til Tema og fagstoff
ET TIDSSKRIFT FRA HAVINDUSTRITILSYNET

Børsen er beviset - arbeidsmiljø lønner seg

Bilde av Mårten Westberg, direktør i analyse- instituttet EIBA (European Institute of Behavioural Analysis Foto: Åsa Tällgard
Eg har verdas enklaste investeringsstrategi – den handlar om arbeidsmiljø, seier Mårten Westberg (61).

Han er verken økonomiutdanna eller analytikar, men svenske Westberg har i mange år levd av å kjøpe og selje aksjar basert på arbeidsmiljøundersøkingar hos potensielle investeringsobjekt. 

  • Arbeidsmiljø

Westberg fortel at mange har både avvist og vore svært tvilande til metoden hans. 

- Men dette er jo hundre prosent logisk. Godt arbeidsmiljø gir nøgde arbeidarar, og nøgde arbeidarar gir økonomisk vekst, slår Westberg fast.  

- Tala mine er beviset. Eg har slått børsen kvart år. 
 

Å stille dei gode spørsmåla 

Det var ikkje gitt at Westberg, i dag direktør i analyseinstituttet EIBA (European Institute of Behavioural Analysis), skulle slå seg på aksjehandel. Den unge Westberg tok master i kommunikasjon ved University of Wisconsin i USA. Der kom han inn i eit fagmiljø som fascinerte han, og som skulle vise seg å forme yrkeslivet hans.  

Det dei forska på i Wisconsin, enda opp i tall som gav meinig langt utanfor det området det blei forska på. Forskinga var kvantitativt orientert, og målet var å stille dei rette spørsmåla. 

Tilbake i Sverige prega tankemåten framleis unge Westberg. Han fekk seg jobb og blei beden om å svare på ei medarbeidarundersøking som skapte frustrasjon hjå den nye medarbeidaren. 

- Undersøkinga hadde 109 spørsmål. Dei aller fleste oppfatta eg som meiningslause. I tillegg oppdaga eg at resultata av kartlegginga ikkje blei systematisk handsama i bedriftsleiinga. 

Westberg bestemde seg for å gjere noko med dette. Han føretok ei regresjonsanalyse på det som var uttalt å være det viktigaste for bedriftsleiinga der han jobba; å redusere eit stort sjukefråvær.  

Det viste seg at berre sju av dei 109 spørsmåla handla om sjukefråvær. Altså var nesten 95 prosent av undersøkinga ikkje retta mot det bedrifta meinte var viktigast. Dette gav ikkje meining. 

Hundre prosent logisk. Godt arbeidsmiljø gir nøgde arbeidarar, og nøgde arbeidarar gir økonomisk vekst.

Eige selskap 

På midten av nittitalet stifta Westberg sjølv selskapet Interactive Survey - med mål om å forbetre og forenkle prosessen rundt medarbeidarundersøkingar.
 
Han tok utgangspunkt i dei sju spørsmåla om sjukefråvær hjå sin tidlegare arbeidsgjevar og sette i gong ei undersøking hjå Nordea i Sverige. 
 
- Det var eit perfekte utgangspunkt å byrje med eit selskap som har kontor frå sør til nord i landet. Med stor geografisk spreiing kunne eg studere tendensar som då openbart ikkje handla om kor i landet kontoret var lokalisert.

Resultatet var tydeleg: Fornøgde medarbeidarar, og ditto kundar, kunne knyttast direkte opp mot lønnsemd. Respekt var den viktigaste faktoren. Dei som følte seg respektert og lytta til, var mest nøgde og hadde minst sjukefråvær. Og det var desse personane som skapte størst lønnsemd for Nordea. 

Bilde av Mårten Westberg, direktør i analyse- instituttet EIBA (European Institute of Behavioural Analysis
Mårten Westberg sin konklusjon er kort og enkel: Invester i arbeidsmiljø! – Funna mine kan bidra til å gi leiarar betre argument for å satse på godt arbeidsmiljø, seier han. Foto: Åsa Tällgard

Til å leve av 

På bakgrunn av funna frå Nordea-undersøkinga bestemte Westberg seg for å teste ut om respekt og arbeidsmiljø også hadde verknad på aksjekursar. Han starta med å studere arbeidsmiljøundersøkinga hjå ei rekke selskap, og deretter knytte svara direkte opp mot aksjekursen.  

- Etter kvart danna det seg eit mønster: Selskap som hadde klår kursstigning over tid, var dei same som hadde styrka merksemda mot godt arbeidsmiljø.  
Og dermed fekk eg servert strategien min: Invester i arbeidsmiljø!  

- Det tok meg 28 år med analysar å finne ut av dette, men det var verdt det.  

Sjølv om samanhengen mellom arbeidsmiljø og aksjeverdi har gitt Westberg stort spelerom i eiga karriere, peikar han på noko som er endå viktigare: 

- Funna mine kan bidra til å gi leiarar betre argument for å satse på godt arbeidsmiljø. 

Ei himmelsk likning 

Westberg kallar det prestens dilemma. Tankerekka tar utgangspunkt i at syndarane ikkje går i kyrkja.  

- For å få folk til kyrkja, blir det gjerne predikert om dommedag og fortaping.  Slik er det og med arbeidsmiljø: Mange jobbar med arbeidsmiljø for å unngå skadar, misnøye og i verste fall yrkesrelatert død. Men ved å vise at godt arbeidsmiljøarbeid også aukar lønnsemda, kan ein rett og slett putte sjølve himmelen inn i denne likninga. 

- Presten får heller ikkje tak i syndarane utan å ta nokre nye grep, seier Westberg retorisk. 

I dag har han slutta å kjøpe aksjar. Innføringa av GDPR (general data protection regulation – lov om vern av personopplysningar) har gjort at han ikkje lenger har tilgang til arbeidsmiljøundersøkingar slik som før. 

Nå er han berre ein arbeidsmiljømisjonær, som han sjølv kallar det – og han har eit klart råd til bedriftsleiarar: 

- Meiner du at lønnsemd er viktig og at aksjekursen din er viktig; lytt nøye til dine tilsette.  

Norsk gull 

Tidlegare direktør i Stami (Statens arbeidsmiljøinstitutt), Pål Molander, har ofte trekt fram fleire av dei same faktorane som Westberg for norsk arbeidsliv. I eit innlegg på Sikkerhetsforums årskonferanse i 2021 viste han til statistikk som syner at norske arbeidsgivarar stiller høgare krav til arbeidstakarar enn  gjennomsnittet for EU og samstundes har klart å bevare høg grad av autonomi. Medverking og respekt er kjerneverdiar.  

Molander kallar kombinasjonen for Norges gull, fordi tilnærminga bidreg til å vekst, stabilitet og god helse i arbeidslivet. 

Dårleg arbeidsmiljø kostar Noreg 75 milliardar kroner årleg, viser ei økonomisk analyse utført av Oslo Economics for Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2018.

Fakta om helsefremmende faktorer