Sikker i si sak

Den nyutnemnde statsråden har travle dagar i sin nye posisjon. Her forklarar ho kva som ligg til grunn for regjeringa si utsegn om at olje- og gassnæringa skal utviklast, ikkje avviklast, og korleis ho ser for seg næringa si framtid.
- Utvikla, ikkje avvikla handlar om å sjå samanhengane mellom det olje-, gass- og leverandørindustrien gjev oss av kompetanse, økonomiske verdiar og energitrygging i ei ganske avgjerande tid.
Vi skal kutta utslepp og skapa jobbar samstundes. Då treng petroleumsnæringa framleis rammevilkår som gjer oss inntekter og arbeidsplassar i heile landet. På same tid skal vi få utsleppa frå sokkelen ned, mellom anna ved hjelp av karbonfangst og elektrifisering.
Vi må bygga klimavennleg industri på skuldrane til den næringa vi har i dag. Petroleumsverksemda har ei avgjerande rolle for å løysa klimautfordringane, og samstundes sikra at norsk økonomi har fleire bein å stå på.
Regjeringen vil utvikle, ikke avvikle petroleumsnæringem. Ambisjonen om å være verdensledende på helse, miljø og sikkerhet står fast.
Det er kompetansen frå denne bransjen som kan legga grunnlaget for andre industriar. Kunnskapen frå mange år med subsea-installasjonar er viktig for havvindnæringa. Erfaring frå sokkelen er avgjerande for å lukkast med lagring av karbon. På same måte kan vi gjera meir ut av minerala på havbotnen.
Energitrygging er òg viktig. Når heile verda skal gjennomgå ein avgjerande energitransformasjon, er det ikkje mogleg å lukkast utan at vi er trygge på at det er nok energi til både dei store oppgåvene og til folk sin kvardag.
Saman med næringa skal vi kutta utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel med 50 prosent innan 2030, og til null i 2050. På den måten vil næringa vår òg visa veg for å få ned utslepp.
Blikk på ein bransje i endring
Korleis ser framtida ut for olje- og gassbransjen? Skal vi avvikle eller utvikle? Og kva skal vi i tilfelle utvikle?
I en serie artiklar får du innsikt i nokre av krava og forventningane som blir stilt til den største og mest lønsame næringa i Noreg. Signala kjem frå ulikt hald: Frå klimasida, frå kapitalforvaltaren, frå arbeidstakaren, frå leverandøren og frå politikaren sitt perspektiv.
- Kor viktig er det at selskapa har og vidareutviklar eit høgt nivå for sikkerheit og eit godt arbeidsmiljø?
- Den norske petroleumsverksemda skal vera verdsleiande på helse, miljø og sikkerheit. Det betyr at vi heile tida må arbeida for forbetring. Denne næringa har storulykkepotensial, der òg små feil og uhell kan føra til alvorlege skader. For å unngå ulykker og akutte utslepp er det avgjerande å arbeida kontinuerleg med forbetring og førebygging. Selskapa skal under alle tilhøve sikra eit trygt og godt arbeidsmiljø, både på sokkelen og på landanlegga.
- Kva må til for å oppnå dette?
- Selskapa har sjølv hovudansvaret for at verksemda er sikker og forsvarleg. Dagens norske HMS-regime er heilt avhengig av at selskapa er medvitne og tek dette ansvaret på høgste alvor.
Her spelar Ptil ei avgjerande rolle. Tilsynet må vera sterkt og tydeleg i reaksjonane og i oppfølginga av selskapa. Terskelen for å ta i bruk strenge reaksjonsmiddel skal senkast når risiko og alvorsgrad for ulykker aukar, og Ptil må konsekvent følga opp at avvik som er oppdaga, blir korrigerte.
Det er òg viktig med eit godt to- og trepartssamarbeid, prega av open kommunikasjon og gjensidig tillit og respekt. Ikkje minst er god arbeidstakarmedverknad i alle fasar viktig for å driva forsvarleg petroleumsverksemd. Dei tilsette har kompetanse og erfaring som næringa aktivt må lytta til.
- Gjeld ambisjonen om å væra verdsleiande på helse miljø og sikkerheit også for anna energiproduksjon på sokkelen, som til dømes havvind?
- Ambisjonen om eit høgt nivå for sikkerheit og gode arbeidsvilkår gjeld sjølvsagt òg nye former for energiproduksjon på sokkelen. HMS-regelverk for transport og lagring av CO2 er allereie på plass. No har Ptil òg fått i oppgåve å utvikla rammer og regelverk for havvind.
Når det gjeld andre nye næringar, er eg sikker på at dei erfaringane Ptil allereie har, vil vera av stor verdi òg på nye område. Etter kvart kan det bli nødvendig å føra tilsyn på fleire område på norsk sokkel, men det står førebels igjen å sjå.